I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 eigengodkjente kommunestyret detaljreguleringsplan for Salen, planID 2025001, jf. plankart, føresegner og planomtale datert 31.08.2026.
Ved fyrstegongs handsaming 10.03.2026 FPU 15/26 vart det vedtatt at planen skulle leggjast ut til høyring og offentleg ettersyn. Innspelsfristen vart satt til den 05.05.2026, og planen vart sendt til regionale myndigheiter, grunneigarar, dei kommunale råda og andre interesseorganisasjonar. Det kom totalt 12 innspel til planen.
Det er ikkje gjort vesentlege endringar i planforslaget etter høyringa, men det er gjort enkelte justeringar i plankart og føresegner på bakgrunn av innkomne merknader.
Detaljreguleringsplanen for Salen er vedteken.
Vedtaket kan påklagast, jf forvaltningsloven kap VI og må vere sendt Luster kommunen, postboks 77, 6868 Gaupne eller post@luster.kommune.no, seinast tysdag 20. oktober.
Vedtak eigengodkjenning Salen planID-2025001 (PDF, 313 kB)
