Rein Sognefjord - suksess!

Kjempebra innsats av  alle som rydda! I Gaupne var 8. og 9. klasse på Luster Ungdomsskule i sving og rydda langs Engjadalselva, rundt skulen og ungdomsklubben og ned mot kaia. På ettermiddagen plukka andre ved Hanaskjeren, i småbåthamna, og langs turstien mot Marifjøra. Også i Luster og Skjolden har oppvekstsentra vore ute på søppelplukking.

I Gaupne vart det plukka ein god del søppel- mykje små plastbitar og posesnus og anna rart som har hamna på avvege, men det er enno plass i containarane!

Fekk du ikkje tid å vere med i går?

 Containare vert ståande til 12. september (I Solvorn, Gaupnegrandane, Ekservollen og Skjolden)- og etter det kan ein levere avfall på miljøstasjonen. Bossekkar og hanskar kan hentast på rådhuset i opningstida (09-15), eller etter avtale!

(tips til stader det ikkje er plukka: I fjæra mellom kaien på Gaupnegrandane og Røneidsgrandane- mellom småbåthamn og riksveg, ut mot Hotla..)

 Ta med hanskar og ein søppelpose på tur- og bidra til eit betre miljø!