Luster kommunestyre vedtok i kommunestyremøte 5. februar 2026 ein revisjon av kommunen sine retningslinjer for næringssaker. I denne revisjonen skjedde det nokre større endringar.
Søknadsfrist og samla handsaming av tilskot til bedriftsutvikling
Frå og med 2026 vert bedriftsutviklingstilskot handsama samla. Det er avsett 2 mill.kr i år, og det vert ein første søknadsfrist medio april som vert handsama i formannskapet i mai. Der vil om lag halvparten av budsjettet bli nytta, og andre halvparten av budsjettet vert tildelt etter søknadsfrist på hausten. Dette betyr at søknadar vert vurdert samla og søknadar vert vurdert opp mot einannan for å sikre best mogleg bruk av den tilgjengelege ramma.
Oppstartstilskot til nystarta verksemder vil framleis ha løpande handsaming. Det same gjeld tilskot innan landbruket. Søknadar om næringslån vil også bli handsama etter kvart som dei kjem inn, men det er krav om at investeringa må vere minst kr 500 000.
Slutt på fullt rentefritak for bruksutbygging i landbruket
Frå og med 2026 vil det bli innført ei låg rente for næringslån til bruksutbygging i landbruket, renta er halvparten av ordinært næringslån. I 2026 er rentesatsen for næringslån 4,75% og for lån til driftsbygningar i landbruket er det då halvparten av dette. Det er framleis rente og avdragsfritak dei første to åra.
Innrapportering av bagatellmessig støtte
Frå 2026 må kommunane rapportere inn all støtte som vert gjeve til næringslivet etter reglane om bagatellmessig støtte etter EØS-regelverket i eit nasjonalt system. Dette gjeld også verdien av rentefritak dei første to åra på næringslån.
Justering av tilskotssatsar til nydyrking
Kommunestyret har løfta tilskotssatsen for nydyrking innan landbruket frå 2500 kr pr. daa til 7500 kr pr. daa.
Retningslinjer for næringssaker - Vedteke i kommunestyret 05.02.26 (PDF, 594 kB)