Søknadsfrist næringsfond

Me minner om at søknadsfrist for tilskot til bedriftsutvikling frå næringsfondet er 21. oktober 2026.

Nytt frå i år er at tilskot til bedriftsutvikling ikkje lenger vert handsama løpande, men samla to gonger i året – om våren og hausten. Den andre tildelinga vert handsama i formannskapet i november, med ei ramme på i underkant av 1 mill.kr. 

Endringa betyr at søknadar vert vurdert samla og sett opp mot kvarandre, slik at kommunen kan prioritere dei prosjekta som gir best mogleg effekt av midlane.

Finn meir informasjon og lenkje til retningslinjer for næringssaker og søknadsskjema her. 

Kva kan framleis søkjast om løpande?
Nokre ordningar er uendra sjølv om systemet for bedriftsutviklingstilskot er endra:

  • Oppstartstilskot til nystarta verksemder vert framleis handsama løpande.
  • Landbrukstilskot har som tidlegare løpande, hovudsakleg administrativ handsaming.
  • Lån frå næringsfondet vert også handsama fortløpande, men merk at investeringa må vere på minst kr 500 000.

Andre endringar frå 2026
I tillegg til nye søknadsfristar er det innført fleire oppdaterte retningslinjer, mellom anna krav til rapportering av bagatellmessig støtte. Alle tilskot som vert løyvd vil difor bli rapportert inn via ein ny nasjonal portal.