Somnofy - digitalt tilsyn

Digitalt tilsyn kan gi betre oversikt og mogleg innsparing for Luster kommune. 
Luster kommune har saman med Folkehelseinstituttet (FHI) gjennomført ei mini-metodevurdering av digitalt tilsyn i omsorgstenesta. Vurderinga peikar på at teknologien kan bidra til betre oversikt for nattevakter, auka tryggleik for bebuarar og eit meir føreseieleg arbeidsmiljø for tilsette. Samstundes ligg det eit stort potensial for økonomisk innsparing.

Teknologien som er vurdert er Somnofy – eit norskutvikla, radarbasert system som registrerer rørsle og pustefrekvens utan bruk av kamera. Ved hjelp av kunstig intelligens tolkar systemet søvnmønster og gir informasjon som kan vere nyttig i oppfølginga av bebuarar.

Ifølgje rapporten kan digitalt tilsyn redusere behovet for planlagde fysiske tilsyn om natta, og slik frigjere tid for nattevakter. Det kan òg gi betre grunnlag for å oppdage endringar i helsetilstand, som til dømes infeksjon eller uro, og dermed bidra til å førebyggje fall og behov for meir omfattande behandling.

– Vi ser at digitalt tilsyn kan erstatte mange av dei planlagde nattlige tilsyna, og slik vere eit supplement til dagens praksis, seier Kjell Olav Bondevik, rådgjevar for fagutvikling i helse- og omsorgstenesta i Luster kommune.

Forsking viser usikker effekt

Forskingsomtalen i mini metode vurderinga viser at det per i dag er usikkert om digitalt tilsyn om natta gir betre tryggleik, helse eller livskvalitet for eldre med funksjonsnedsetjingar, samanlikna med fysisk tilsyn eller fravær av tilsyn. Den systematiske oversikta som omtalen byggjer på, inkluderte fem studiar med til saman 207 deltakarar. Utfordringa er at det finnes forholdsvis få studie med avgrensa deltakarar, noko som gjev låg tillit til resultata. Det er behov for meir forsking og det er  derfor positiv at FHI gjennomføre følgjeforsking på innføringa av Somnofy i Luster, Stad og Stryn kommune.

Potensial for innsparing og betre arbeidsmiljø

Trass i usikkerheita i forskingsgrunnlaget, viser mini-metodevurderinga at ei innføring av Somnofy i Luster kommune kan gi ei årleg innsparing på om lag 1,1 millionar kroner i reduserte driftskostnader. Det vert òg peika på at tiltaket kan bidra til lågare sjukefråvær og mindre behov for vikarar, sjølv om dette vil variere frå eining til eining.

Fagleiar ved Gaupne omsorgssenter, Henriette Sandvik, seier at nattevakta kan i større grad klara seg utan ekstra innleige, ved å bruke Somnofy aktivt. Ho forstår også godt at dei andre einingane i kommunen ønsker dette verktøyet, då det gir nattevakta god oversikt, fangar opp endringar tidleg og svært lite inngripande i bebuarane sin nattesøvn.

For bebuarane kan digitalt tilsyn opplevast som mindre inngripande enn fysiske tilsyn, og samstundes gi helsepersonell betre innsikt i søvnkvalitet og nattleg uro. Dette kan vere nyttig både i den daglege oppfølginga og i dialog med spesialisthelsetenesta.

– Ved å gi nattevaktene betre oversikt og redusert arbeidspress, kan tiltaket òg ha ein positiv effekt på arbeidsmiljøet. Det støttar opp under arbeidsmiljølova sine krav til tilrettelegging for nattarbeid, seier Bondevik.