Sørsidevegen vegarbeid

Arbeid med infrastruktur, og installasjon av lys i Sørheim 1 og Sørheim 2-tunnelane. 

Det er lagt opp til arbeidet skal utførast på dagtid. Arbeidstid er forventa å vere i tidsrommet 08.00- 20.00. 

Ved arbeid i tunnel vil det bli lagt opp til 2 scenario: 

  1. Strekninga frå Sørheim 1 og til Sørheim 2-tunnelen vert stengt inntil 2t. Opningar vert tilpassa rutegåande trafikk, elles vert opningstider oppdatert på 175.no 
  2. Manuell dirigering med ledebil (ledebil køyrer kontinuerleg). Dette tiltaket vert primært sett inn dei dagane det er cruisebåt på Skjolden, då det er forventningar til auka trafikk på strekninga.  

 

Entreprenør tek hensyn til beredskap i området. Det er lagt opp til at politi, brann og helse kan komme gjennom arbeidsområdet/tunnelane ved behov.

Skulle det vere eit særskilt behov for at anna nødvendig transport må passere, skal entreprenør vere fleksibel.

Ved arbeid i dagsone mellom tunnelane vil det i hovudsak vere open veg. Men det vil det bli skilta ned til redusert hastigheit i arbeidsområdet. 

Tid 18.05.2026 kl. 07:30 -  21.05.2026 kl. 20:00

Les om stenginga på 175.no

Vegen er stengt i perioder på 2 timer

Merk

  • Gjennomkøyringstider man, tys, tors og fredag:
  • 07:55, 09:35, 12:50, 13:55, 14:35, 15:55 og 17:55
  • Gjennomkøyringstider, onsdag:
  • 07:55, 09:55, 11:40, 12:20, 14:20, 15:00, 15:55, 17:55
  • Utrykningskjøretøy må ta kontakt før gjennomslipp
     

Tid 21.05.2026 kl. 18:00 - 

Les om stenginga på 175.no