Arne Midtun frå Pensjonistforbundet Luster og Ragnhild Mølnvik frå Luster kommune, innleia kurset med informasjon og agenda.Stort oppmøte – og stor læringsvilje
Interessa for kurset har vore overraskande stor, og deltakinga viser at det er eit reelt behov for slike tilbod i kommunen. Kurset vart for fullteikna med borti 20 deltakarar.
Ragnhild Mølnvik forklarar litt kring DigipostPraktisk opplæring i det digitale kvardagslivet
På kurset får deltakarane opplæring i grunnleggande digitale ferdigheiter, som mellom anna:
- bruk av smarttelefon, nettbrett og PC
- korleis ein lastar ned, oppdaterer og brukar ulike appar
- tryggleik på nett og gode digitale vanar
- korleis ein brukar Digipost
- innlogging og navigasjon på Helsenorge
- korleis ein kommuniserer trygt via meldingstenester og e-post
Det har òg vore rom for individuelle spørsmål og rettleiing, slik at alle kunne få hjelp til akkurat det dei lurte på.
Det er att to kursdagar i 2025. På desse dagane blir agendaen sosiale medium som FB, Snapchat og Instagram og fokus på bruk av datamaskiner, spesielt epost og korleis ein lastar opp vedlegg.
Eit viktig samarbeid
Digital opplæring er eit samarbeid mellom Luster kommune, Luster Pensjonistforening og Luster bibliotek. Samarbeidet gjer det mogleg å tilby eit breitt og inkluderande opplegg, der frivillige og fagpersonar jobbar saman for å gi deltakarane best mogleg støtte.
Digital opplæring i Gaupne
Ørjan Talle