Godt oppmøte med ein fagleg engasjert gjengFrå 1. februar 2025 tredde ei ny gjødselforskrift til. Dei nye reglane krev mellom anna strengare krav til dokumentasjon.
På møtet, som vart halde i kommunestyresalen i Rådhuset i Gaupne onsdag 24. mars, vart det gått gjennom dei nye reglane. Med oss på møte, var Martin Søgnen rådgjevar frå Statsforvaltaren i Vestland og Marit Henjum Halsnes frå Norsk landbruksrådgiving.
Hermund Prestegård, mjølkeprodusent frå Gaupne, synte verktøyet Agrilogg. De er eit verktøy som kan nyttast til mellom anna å halde oversikt over gjødselhanderinga på eigedomen og til å få ut gjødseljournalar. Interessant og veldig nyttig for alle!
Det er mykje nytt i det nye regleverket, mellom anna journalføring av bruk av gjødsel, både husdyrgjødsel og kunstgjødsel. Alle skal føre journal, òg dei som ikkje har krav om gjødslingsplan. Det er nyttig og kjekt å sjå kva alternativ ein har til å hjelpe seg med det.
Her kan du sjå presentasjonen Martin Søgnen frå Statsforvaltaren synte fram.
Ny gjødselbrukforskrift-presentatasjon (PDF, 15 MB)
Det er teke inn ein ekstra slide på s 21 som svarar ut nokre av spørsmåla som kom i møte.
På lenka under, kan du lese meir om dei nye krava, sjå på fosfor-kalkulatoren, samt finne søknadsskjema dersom du skal spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite. Nye krav til bruk av gjødsel | Statsforvaltaren i Vestland
Takk for ei kjekk kveld med ein engasjert og positiv gjeng som ser på løysingar – dette tykkjer me på landbrukskontoret er kjempeflott, sjølv med eit nytt og til dels utfordrande regelverk!