Svømmekløe i Hafslovatnet

Fleire har den siste tida meldt om svømmekløe etter bading i Hafslovatnet. Kommunen rår no til grundig dusjing etter bading.

Bilde av Hafslo og Hafslovatnet - Klikk for stort bileteHafslo og Hafslovatnet Ørjan Talle

Fleire melder om svømmekløe etter bading i Hafslovatnet. Kommunen tilrår at alle som likevel badar i vatnet, dusjar grundig rett etterpå for å redusere risikoen for hudreaksjonar. Svømmekløe, også kalla cercariedermatitt, skuldast ein ufarlig parasitt som finst i enkelte ferskvatn. Parasitten kan gi kløande utslett hjå menneske, men tilstanden er ikkje farleg og går vanlegvis over av seg sjølv etter nokre dagar.

For å redusere risikoen for svømmekløe vert det tilrådd:

  • Unngå bading nært siv og grunt, varmt vatn.
  • Tørk deg godt med handkle etter bading.
  • Dusj så snart som mogleg etter opphald i vatnet.
     

Meir informasjon om svømmekløe og korleis du kan verne deg, finn du hos Folkehelseinstituttet:

https://www.fhi.no/sm/badevann/svommekloe/


Det blir ikkje tatt prøver av Hafslovatnet då dette ikkje er kommunal badeplass. Luster kommune tar badeplassprøver av Lustrafjorden og informerer om prøveresultata på heimesida.