Tilgjengeprisen 2026

I kommunestyremøtet 21. mai vart Tilgjengeprisen 2026 delt ut til Fun Club. Klubben har mottoet: Kom og ver deg sjølv – du er meir enn bra nok!

Tilgjengeprisen 2026 til Fun Club - Ordførar og Hege Molin, mottakar av prisen - Klikk for stort bileteTilgjengeprisen 2026 til Fun Club - Ordførar og Hege Molin, mottakar av prisen. Luster kommune

Formålet med prisen er å setje positivt fokus på arbeidet for å fjerne eller redusere barrierar som hindrar deltaking i samfunnet.
Universell utforming handlar ikke kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbod.

Grunngjevinga for Tilgjengeprisen 2026: 

Luster kommune sin tilgjengepris er tenkt å heidre einskildpersonar, organisasjonar eller bedrifter som har gjort ein ekstra innsats for å skape eit universelt utforma Luster. Eit samfunn tilpassa alle. 

Prisen er oppretta av kommunestyre, i møte den 15. desember 2022, og påskjøning er markering med utdeling av diplom og blomster.

Det er rådet for personar med funksjonsnedsetting som tek avgjerd om kven prisen skal gå til, etter å ha motteke forslag om kandidatar frå privatpersonar og organisasjonar.

Universell utforming handler ikke kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbud.

Medmenneskeleg tilgjenge handler om å være forståeleg og imøtekommande for alle, uavhengig av bakgrunn eller evner. Dette skaper et samfunn der alle føler seg inkludert og verdsett.

Logo Fun Club Luster - Klikk for stort bileteLogo Fun Club Luster

Årets prisvinnar er eit nystarta tilbod som har blitt veldig populært på kort tid. 

Tiltaket er retta mot born og unge mellom 6 og 26 år som har litt utfordringar, funksjonsnedsettelsar eller andre spesielle behov. Det er etablert i Luster, men tek ikkje omsyn til kommunegrenser. 

Dette har fått stor oppslutnad på kort tid, og er også blitt eit fint møtepunkt for pårørande. 

Tiltaket er svært inkluderande, og har fått god støtte mellom anna frå DAM-stiftelsen, Norges sjakkforbund, Gjensidigestiftelsen, Lerum og Frifondet i den korte tida det har vore i drift.

Klubben har mottoet: Kom og ver deg sjølv – du er meir enn bra nok!

Hege Molin tok i mot prisen og heldt takketale.

Opptaket frå prisutdelinga vert lagt ut på KommuneTv i etterkant. Du kan sjå utdelinga som første del av opptaket av Kommunestyret 21. mai 2026.

Gratulera til Fun Club!