Tilskot til tiltak i beiteområde - Luster kommune

Tilskot til tiltak i beiteområde

Luster kommune lyser ut tilskot til tiltak i beiteområde for 2026. Føremålet med ordninga er å legge til rette for best mogleg utnytting av utmarksbeite, redusere tap av dyr og fremje samarbeidstiltak i beiteområda.
Søknadsfristen er 15. april.

Sauer på Lyngset - Klikk for stort bileteSøknadsfristen for å søkje tilskot til tiltak i beiteområde for 2026 er 15. april Ørjan Talle

Kven kan søkje?

Lag og foreiningar med organisasjonsnummer, som til dømes beitelag og grunneigarlag, kan søkje. Det er ein føresetnad at medlemmene driv beitebruk i utmark og søkjer produksjonstilskot på dyr (sau, storfe, geit eller hest). Beitebrukarar som er organiserte i beitelag vert prioriterte.

Kva kan ein få tilskot til?

Ordninga omfattar ei rekkje tiltak som kan betre beitebruken, mellom anna:

  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Bruer for folk og dyr
  • Sperregjerde for å sikre dyr
  • Sankehytter
  • Elektronisk overvakingsutstyr

Faste installasjonar og større investeringar vert prioriterte. Mindre tiltak vert normalt ikkje prioriterte, med mindre dei er del av eit større prosjekt.

Tilskot og vilkår

Tilskotssatsen vert tilpassa søknadsmengda, og har dei siste åra lege på 20–40 % av godkjent kostnadsoverslag. Omsøkte tiltak bør ha ein minste kostnad på kr 20 000.

Kommunen kan prioritere søknader med særskilde utfordringar i beitebruken, og kan avslå søknader ut frå samla søknadsmengde og type tiltak.

Slik søkjer du

Søknad skal sendast elektronisk via Altinn og vert handsama av kommunen. Det er krav om mellom anna kartfesting av tiltak og nødvendige løyve frå grunneigar eller verneområdestyre.

Tilskot til tiltak i beiteområde, søk her

For enkelte tiltak, som til dømes sankehytter, gjeld eigne dokumentasjonskrav.

Dersom du har spørsmål om ordninga eller søknadsprosessen, ta kontakt med Anne Sigrid Kvam på e-post eller telefon 948 47 036

Strategi for tilskot til tiltak i beiteområde for Luster kommune 2026 (PDF, 66 kB)