Vaksinering hausten 2026

Luster kommune tilbyr influensavaksine, koronavaksine og vaksine mot pneumokokksjukdom til personar i målgruppa for vaksenvaksinasjonsprogrammet. 

For influensavaksine gjeld dette alle frå 65 år, og for koronavaksine alle frå 75 år. 

Vaksineringa vil skje:

  • Måndag 16.11. kl. 09-14 i Gaupne idrettshall
  • Tysdag 17.11. kl. 10-13 i gymsalen Luster oppvekstsenter
  • Måndag 23.11. kl. 10-14 i gymsalen i samfunnshuset på Hafslo/Hafslo skule

Om du ønskjer, og er i målgruppa, kan du få alle tre vaksinane samtidig. 

Målgrupper

Er du usikker på om du tilhøyrer ei målgruppe for nokre av vaksinane, kan du ta dette opp med legen din.

Influensavaksine

Les om målgrupper hos Folkehelseinstituttet.

Influensavaksine til barn/ungdom (6 mnd-18år):  
Kontakt helsestasjonen eller skulehelsetenesta dersom barnet er anbefalt influensavaksine. 

Influensavaksine til personer som ikkje er i risikogrupper, kan kjøpes på apotek.

Koronavaksine

Les om målgrupper hos Folkehelseinstituttet.

  • For friske er aldersgrensa for å vere i målgruppa for koronavaksine heva til 75 år. 
  • Friske gravide er ikkje lenger i målgruppa for koronavaksinasjon.  

Pneumokokkvaksine

Les om målgrupper hos Folkehelseinstituttet.

Merk at det berre er personar som fyller 65 år i år eller i fjor (fødde i 1960 eller 61), som får pneumokokkvaksine til den prisen som er fastsett i vaksenvaksinasjonsprogrammet. Grunnen er at denne vaksina fases inn i vaksenvaksinasjonsporogrammet gradvis.  
Personer som er eldre enn 65 år, eller som er i risikogruppa pga. kronisk sjukdom, men ikkje tilhøyrer målgruppa for vaksenvaksinasjonsprogrammet, må kontakte lege for å få resept på vaksina.

Pris for vaksinering

  • Influensavaksine for dei i risikogruppe: 300 kroner 
  • Koronavaksine for dei i risikogruppe: 110 kroner
  • Koronavaksine ved samvaksinering: 85 kroner*
  • Pneumokokkvaksine for dei som er fødde i 1960 eller 61: 110 kroner**
  • Pneumokokkvaksine ved samvaksinering (for dei som er fødde i 1960): 85 kroner*
  • Pneumokokkvaksine ved samvaksinering (for dei som er fødde i 1960 eller 61): 85 kroner*

*Samvaksinering betyr at ein tek fleire vaksiner på ein gong. Dersom koronavaksine eller pneumokokkvaksine vert sett samtidig med anna vaksine, vert prisen per vaksine 85 kroner. Prisen for influensavaksine er 300 kroner uansett. 

**Se viktig info om pneumokokkvaksine i fanen «Målgrupper»