Vegstenging Sviggaplassane-Marheim

Vegstenging Sviggaplassene mot Marheim frå klokka 09.00-15.00, neste veke, veke 21. Det blir arbeid på vegen mot Marheim. etter vegkrysset opp mot Teigen/Sviggo, frå måndag 18.mai klokka 09. Sjå kart.

Same tidsrommet frå 9-15 vil i utgangspunktet gjelde alle dagar til og med fredag 22. mai. Eventuelle endringar blir sendt direkte til de det gjeld, sjå og Luster kommune si heimeside. I perioden mellom kl. 9 og 15 ber me dykk om å parkere køyretøy de skal nytte den dagen utanom stengt område, vegen er kun stengt for motoriserte køyretøy. Ved særlege behov om tilpassingar eller andre spørsmål kan de ta kontakt med entreprenør direkte. Beklagar ulempa dette medfører.