Me inviterer til informasjonsdag om velferdsteknologi tysdag 21. april kl. 13.30–16.00 i Pyramiden.
Her får du høve til å oppleve kva velferdsteknologi faktisk er, og bli betre kjend med dei løysingane som kommunen nyttar i sine tenester, særleg innan helse- og omsorg.
Velferdsteknologi er bruk av teknologi som støttar meistring, tryggleik og sjølvstende i kvardagen, særleg innan helse- og omsorgstenester.
Kom innom Pyramiden og:
- bli kjend med ulike typar velferdsteknologi
- sjå, teste og utforske konkrete løysingar
- slå av ein prat med leverandørane
- få inspirasjon til korleis teknologi kan brukast i din kvardag
- få informasjon om korleis Luster kommune jobbar med førebygging og tilrettelegging
Arrangementet er ope for alle interesserte.
Vel møtt!