Vil du bli meddommar?

Luster treng éin ny mannleg meddommarar i Gulating lagmannsrett ut valperioden 2025-2028.

Luster har 4 valde meddommarar i Gulating lagmannsrett, 2 kvinner og 2 menn.
Ein av Luster sine mannlege meddommarar i Gulating lagmannsrett har fått fritak etter mangeårig teneste i domstolen.

Lagmannsretten oppmodar oss om å rekruttere ny meddommar for resten av valperioden 2025-2028.

No ynskjer me å få innspel frå 

  • deg som er mann og vil bli meddommar
  • deg som har forslag på menn som kan egne seg som meddommar


Kva oppgåver har ein meddommar?

Meddommarar er vanlege innbyggarar som er med på å ta avgjerd i rettssaker. Som meddommar kan du rekne med å bli innkalla ein til tre gonger i året. Dei fleste rettssaker varer frå ein til tre dagar, enkelte saker kan vare lenger.

Vervet som meddommar er ei samfunnsplikt, og du har rett til  fri frå jobb for å utføre vervet. Du får tapt arbeidsforteneste frå domstolen.

Vervet som meddommar i tingretten eller lagmannsretten betyr at du er ein av fleire meddommarar som skal dømme saman med juridiske fagdommarar.

Les meir om kva dei vil seie å vere meddommar.

Sjå video om det å vere meddommar

Kven kan bli meddommar?

Lovverket stiller krav til kven som kan bli vald som meddommar i Luster kommune. Nokon av krava er at 

  • du er folkeregistrert i Luster kommune
  • du er over 21 år og under 70 år ved starten på valperioden 01.01.2025
  • du snakkar og forstår norsk
  • du er statsborgar i Norge eller eit anna nordisk land, eller har vore innført i folkeregisteret som busett i Norge dei tre siste åra
  • du er egna til oppgåva


Sjå krav til vandel og kva stillinger du ikkje kan ha,  domstollova §70-72

Send ein epost til kommunen innan 1. desember 2026 om du ynskjer å bli vald til meddommar, eller om du har forslag på personar som kan bli valde.
post@luster.kommune.no 

Formannskapet lagar fyrst eit forslag på kven som kan veljast. Det blir utlagt til offentleg høyring og den som er føreslegen får eige brev. Kommunen gjennomfører vandelskontroll før kommunestyret gjer det formelle valet utpå vinteren 2027.

Ring Anita Bjørk Ruud i politisk sekretariat om du har spørsmål kring valgjennomføringa, tlf. 97648185.