Lisa Kvålshaugen Bjærum er tilsett som prosjektleiar for BuLust i Luster kommune.
Ørjan Talle
– Eg vart merksam på stillinga sommaren 2025 og blei tipsa om stillinga frå fleire kantar. Eg kjende at dette var eit prosjekt som både er spennande og viktig for lokalsamfunnet i Luster og i Sogn, fortel Lisa Kvålshaugen Bjærum som tok til i stillingen som prosjektleiar 1. mars.
Ho og sambuaren flytta til Sogndal hausten 2024, her Lisa hadde heimekontor og mykje pendling til jobben sin i Oslo. Ho hadde eit ynskje om å få ein jobb her i Sogn, og følte at BuLust-prosjektet var midt i blinken.
Med bakgrunn som rådgivar i DNT Oslo, prosjektleiar i Fri Flyt og jobba som mange år i fjellet med kurs og føring gjennom mellom anna Jostedalen Breførarlag, har ho god kjennskap til både regionen og utfordringane knytt til det å bu i Luster.
Vil få fleire til å flytte hit og bli
BuLust-prosjektet er vedteke av formannskapet/kommunestyret for å finne konkrete løysingar på korleis fleire kan busetje seg i Luster, og bli verande. Prosjektet har fire hovudområde: tettstadsutvikling, betre utnytting av eksisterande bustader, sal av ledige tomter og utvikling av nye bukonsept.
– Eg ønskjer at fleire skal sjå mogelegheitene som finst her, og at fleire vel å bli verande. Samstundes håpar eg vi kan samarbeide med entreprenørar om å byggje bustader som både innbyggjarar og tilflyttarar faktisk ønskjer seg, seier Lisa.
Eit viktig arbeid no i starten er knytt til utvikling av kommunal bygningsmasse. I samband med nytt helse- og omsorgssenter i Gaupne, så vil anna kommunal bygningsmasse bli frigjort på sikt.
– Kommunen har fått eit tilskot frå Husbanken som skal utvikla lokalt tilpassa og økonomisk balanserte modellar for samarbeid mellom kommunen og privat næringsliv om bustadutvikling. Dette er noko eg skal jobbe med i 2026.
Samstundes blir det å sjå på løysingar for korleis ein kan omsette lite nytta bustadmasse og gamle hus som ingen bur i no.
– Det handlar rett og slett om å få lys i gamle hus som i dag står tomme, forklarar ho.
Inviterer til brei medverknad
For å forstå kva som skal til for å auke bulysta, vil prosjektet hente innspel frå både innbyggjarar og potensielle tilflyttarar.
– Eg jobbar no med ei større spørjeundersøking som skal sendast ut til både dei som bur her og dei som vurderer å flytte hit. Den vil gi oss viktig kunnskap om kva folk ønskjer og treng i kvardagen, seier Lisa.
I tillegg ønskjer kommunen å spele ei meir aktiv rolle som bindeledd i bustadmarknaden.
– Vi har oppretta eit skjema der vi kan kople kjøparar og seljarar. Dette kan vere eit alternativ for dei som ikkje ønskjer å gå gjennom den tradisjonelle marknaden, forklarar Lisa.
Ho har også starta dialog med bygdalag, entreprenørar og andre lokale aktørar.
– Eg håpar bygdalaga kan vere med å spreie informasjon og engasjere folk lokalt. Dette er eit prosjekt som heile kommunen bør ta del i.
Bustadmangel er ei utfordring
Sjølv om mykje framleis skal kartleggjast, peikar Lisa på nokre tydelege utfordringar.
– Det verkar som det er vanskeleg for folk å finne ein stad å bu, sjølv om Luster har eit sterkt næringsliv og aktive bygdesamfunn. Vi treng både fleire bustader til sals og fleire rimelege alternativ for førstegongsetablerarar, seier ho.
Ho understrekar samstundes at mykje av svaret ligg i å synleggjere det som allereie finst.
– Luster har utruleg mange mogelegheiter, men vi må bli flinkare til å vise det fram.
Kartlegg behov og mogelegheiter
Den første tida i prosjektet går med til kartlegging og kontakt med ulike aktørar.
– Eg snakkar med entreprenørar, bygdalag og folk i kommunen for å få oversikt over utfordringar og mogelegheiter. Samstundes ser eg på tidlegare prosjekt, som Folk i fleire hus-prosjektet som gjekk frå 2010-2013, og gardsformidlingsprosjektet i 1999, for å lære av det som er gjort før. I tillegg samarbeider eg med andre kommunar som har likande prosjekt for tips og inspirasjon, seier Lisa.
Ho arbeider også med å få oversikt over kor mange tomme hus som finst i kommunen, og korleis desse kan takast i bruk.
Håpar på konkrete resultat
På lengre sikt er målet å få på plass gode samarbeidsmodellar og betre kunnskapsgrunnlag for bustadutvikling.
– Målet er at me innan eitt til tre år har funne gode løysingar for korleis vi kan bruke eksisterande bygningsmasse betre, og at det har blitt enklare for folk å selje og kjøpe bustad i Luster. Me prøver å skape ein lågare terskel for eksisterande eigarar av eigedomar til å selje til folk som ynskjer å bu her, seier Lisa.
Ho håpar også at undersøkingane vil gi tydelege svar på kva slags bustader folk ønskjer seg.
– Då får både kommunen og entreprenørar eit betre grunnlag for å ta dei rette vala vidare.
Her kan du lese meir om BuLust-prosjektet