A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

parktisk matte

Praktisk matte

Papptalerkar med tal og numicon brikkar kan brukast til so mykje. I år har me brukt dei til å øve på tala frå 0-10. Me har brukt dei når me har øvd på tiar-venner, og no brukar me dei til å øve på tala frå 10-20. I tillegg er det kjempefint å bruke numicon brikkar når me skal lage pluss og minus oppgåver. 2.klasse har nytta numiconbrikkane til dobling og halvering. Dei har også nytta dei til å øve på partal og oddetal. 

2018-05-03
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
IMG_3899

OL dag

I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.

Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling. 

Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling. 

2018-02-27
skidag 6

God vinterferie

Med dette bilete frå skidagen vår på Heggmyrane vil me ynskje alle ein fin vinterferie.

Takk til Sogn skisenter som kvart år tek i mot oss til den årlege skidagen. Det set me stor pris på.

Vil de sjå fleire bilete frå skidage så sjå under bileta til 1.klasse.

2018-02-18
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag den 2.februar kl. 11.00 til 13.00 er alle velkomne til  bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaffi, kaker og saft.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil underhalde.

Så ta med familie, venner eller naboen til ei koseleg stund på oppvekstsenteret.

Helsing 5,.6. og 7.klasse.

2018-01-26
God jul

God jul

Då vil me på Indre Hafslo oppvekstsenter få ynskja alle ei god jul og eit godt nytt år!

2017-12-22
lunsj

Julelunsj

I dag var både små og store på oppvekstsenteret samla til julelunsj i gym salen på skulen. Elevane i 5.,6. og 7.klasse hadde stått på sidan tidleg på morgonen slik at me alle kunne nyta ein god lunsj.Barnehagen haddde laga gode salatar og tilsaman vart dette eit flott lunsjbord. Me starta den fine førjulsstunda med å synge julesongar, og Ida Kristin spela trekkspel til songane. Etterpå hadde me ei koseleg stund med god mat og god prat. 

2017-12-19
IMG_3035

Velkommen til juletrefest

Onsdag den 13.desember kl. 18.00 inviterar me alle til juletrefest på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Sidan juletrefesten i år er lagt til Lucia dagen så vil elevane vise eit spel om Lucia.

2017-11-29
Powered by CustomPublish AS