A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Framside

Tiltak mot spreiing av corona-virus blir vidareført

Skular og barnehagar stengde til 13. april

Regjeringa vedtok torsdag 12. mars å stenge alle barnehagar og skular i Noreg i to veker, for å hindre spreiing av corona-virus. Tysdag 24. mars vart det vedteke å utvide stengingsperioden til og med 13. april (2. påskedag). Regjeringa seier at det vil kome ei ny vurdering av situasjonen i påsken, nokre dagar før 13. april.  

For oppdatert informasjon har Luster kommune oppretta ei eiga informasjonsside om koronaviruset: 

http://luster.custompublish.com/informasjonsside-om-koronaviruset.6293352-525011.html

Indre Hafslo oppvekstsenter er såleis stengt for bruk til og med måndag 13. april, dette gjeld også uteområda ved skulen og barnehagen. Luster kommune har vedteke at også samfunnshus-delen skal halde stengt inntil vidare. 

Det er innført unntak for føresette som arbeider i yrke definert som kritiske samfunnsfunksjonar. Dette er gjort greie for i skriv som er sendt til heimane. Behov for tilsyn må meldast til oppvekstsenteret.

Informasjonsskriv er sendt til føresette i skulen gjennom Visma Flyt, og som e-post til føresette for born i barnehagen.  

Siste utsende melding til føresette for born i barnehagen: onsdag 25. mars.

Siste utsende melding til føresette for elevar i skulen: onsdag 25. mars.  

Dersom de har spørsmål, ta gjerne kontakt per telefon eller e-post.  

2020-03-26
sokkane

Verdens Downs Syndrom dag

Laurdag 21.mars 2020 markerte Indre Hafslo oppvekstsenter verdensdagen for Downs syndrom!

Me tok på oss ulike sokkar for å markere mangfold, og alle mennesker sin rett til å bli sett og høyrt.

2020-03-23

Informasjonsfilm frå Helsedirektoratet

Informasjon om koronavirus

I samband med utbreiinga av koronavirus har Helsedirektoratet laga ein film der både vaksne og born kan få svar på spørsmål dei måtte lure på.

Filmen finn du på YouTube, eller ved å følgje denne linken: https://youtu.be/v1W249tl1vA 

Det er Hermine på 13 år som stiller spørsmål til Helen (lege i Helsedirektoratet).

 

2020-03-05
Powered by CustomPublish AS