A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

7. kl

lunsj

Julelunsj

I dag var både små og store på oppvekstsenteret samla til julelunsj i gym salen på skulen. Elevane i 5.,6. og 7.klasse hadde stått på sidan tidleg på morgonen slik at me alle kunne nyta ein god lunsj.Barnehagen haddde laga gode salatar og tilsaman vart dette eit flott lunsjbord. Me starta den fine førjulsstunda med å synge julesongar, og Ida Kristin spela trekkspel til songane. Etterpå hadde me ei koseleg stund med god mat og god prat. 

2017-12-19
IMG_3035

Velkommen til juletrefest

Onsdag den 13.desember kl. 18.00 inviterar me alle til juletrefest på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Sidan juletrefesten i år er lagt til Lucia dagen så vil elevane vise eit spel om Lucia.

2017-11-29

Adventskalendar

I år vil alle klassane nytte Redd barna sin adventskalendar i førjulstida. For at de skal få litt meir informasjon så legg me ut informasjonsbrosjyren om kalendaren. Denne ynskjer me at de tek dykk tid til å lese. Ha ei fin førjulstid!

2017-11-29

Trafikkavvikling ved Indre Hafslo oppvekstsenter

På dagtid er det til tider stor trafikk til og frå Indre Hafslo oppvekstsenter. For at det ikkje skal oppstå alvorlege situasjonar må me be om at alle tek omsyn.

 

2017-11-16
haust

Velkommen til bygdakafè

Tysdag den 3.oktober kl. 11.00-13.00 er det bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det vert sal av kaffi, kaker og sveler.  Underhaldning av elevane i 1.-4.klasse. Så ta føremiddagskaffien i koseleg samvær med andre bygdefolk.

Mvh 5.-7.klasse

2017-10-02
logo

Velkommen til nytt barnehage og skuleår!

No er me snart i gang att etter ein god sommarferie

2017-08-15
20170615_212905

7.klasse skuleåret 2016-2017

Sjå kva eg fann. Håpar nokon kjenner seg att.

2017-06-15

Siste veka før skuleslutt

Me er på veg inn i siste veka før velfortent ferie for elevane og lærarane og her er litt informasjon.

2017-06-12

Ver ein god venn!

Fokus i Olweus no er å vere ein god venn, og å gjere noko kjekt for kvarandre. I samband med Olweus-dagen tidlegare i vår skreiv elevane m.a flotte dikt om det å vere venner.

vennskap5.jpg    Vennskap.jpg  vennskap3.jpg  vennskap4.jpg

 

2017-05-23
Powered by CustomPublish AS