A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

07.30-16.30

Normale opningstider att i barnehagen og SFO

Frå og med tysdag 2. juni går alle barnehagar og Sfo i Luster kommune attende til normal opningstid. Det vil seie at vi på Indre Hafslo oppvekstsenter opnar klokka 07.30 og stenger 16.30. Det er likevel slik at ein del smitteverntiltak vil halde fram. Mellom anna må borna framleis ha med sin eigen mat, vi vil halde fram med å ha færrast mogleg i garderoben samstundes, og det skal framleis vere låg terskel for å halde seg heime ved forkjølingssymptom og sjukdomskjensle. Ytterlegare detaljar kring smitteverntiltaka vil vi kome attende til etter kvart.

Takk for forståinga som er vist i situasjonen som har vore i samband med den innskrenka opningstida.  

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS