A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Snøballblink

Endeleg kom det snø att, slik at vi fekk teke den nye snøballblinken i bruk.

Snøballblinken i bruk

Då det i tida før jul var rikeleg med snø, kom elevrådet med ønskje om å få laga ein snøballblink til bruk i friminutta. 

Det tok litt tid før blinken vart heilt ferdig, men etter eit godt samarbeid mellom elevar, lærarar og vaktmeister vart blinken hengt på plass. 

I mellomtida hadde mildveret sytt for at det ikkje var snø att, men no endeleg er det mogleg å få laga skikkelege snøballar, og få testa kasteigenskapane på den flotte blinken. 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS