A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
GLAD-TRIST-plakaten02

REFERAT

3. Elevrådsmøte 9.jan 2013

Oppsummering av klassane sine punkt for kva som gjer at me vert GLADE, kva me kan bli LEI oss for, og kva me kan bli IRRITERT for. Dette er førebels avsluttinga av arbeidet vårt med å konkretisere kva krenkjande åtferd er.

HER kan de sjå korleis plakaten ser ut, og HER ser de bilete frå då elevrådet presenterte plakaten. Obs: Punkta var alle elevane sine innspel gjennom arbeid i Olweus-timane, elevrådet berre oppsummerte.

Til stades: Heile elevrådet, og kontaktlærar for elevrådet (Mette)

Tid: Onsdag 9.januar 2013 kl 12-13

Stad: Arbeidsrommet til lærarane

Skrivar: Mette

--

På dette møtet hadde me berre ein sak:

Oppsummering av klassane sine punkt for kva som gjer at me vert GLADE, kva me kan bli LEI oss for, og kva me kan bli IRRITERT for. Dette er førebels avsluttinga av arbeidet vårt med å konkretisere kva krenkjande åtferd er.

Me vil lage ein plakat me alle punkta, der det me blir glade for står med størst skrift - det er det me vil bli minna på kvar dag når me kjem på skulen. Plakaten blir eit godt utgangspunkt for at klassane og sfo kan ta opp eitt og eitt punkt vidare i arbeidet med klasse- og skulemiljø.

---

Oppfølgjing av møtet:

Tysdagen etter møtet (15.jan), hadde Mette sett opp punkta på ein plakat, og elevrådet skreiv namna sine under punkta, som eit symbol på at dei vil prøve å gjere andre på skulen glade. Så gjekk elevrådet inn i kvar klasse og presenterte punkta, og alle elevane skreiv namnet sitt på plakaten. Til slutt skreiv dei vaksne på skulen namna sine.

HER kan de sjå korleis plakaten ser ut, og HER ser de bilete frå då elevrådet presenterte plakaten. Obs: Punkta var alle elevane sine innspel gjennom arbeid i Olweus-timane, elevrådet berre oppsummerte.

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS