A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

2. kl

Adventsamling fredag 27.november

1.-2.klasse vil ha første adventsamling i år fredag 27.november kl.08.30 i gym.salen. Velkomen!

2015-11-24
Pizzasal

Pizzasal

7.klasse sparar pengar til skuletur våren 2016. Dei vil derfor ha sal av PIZZA/pizzabolle fredag 20.november, samt desse datoane framover: 11.desember, 8.januar, 29.januar, 12.februar (ev.26.februar i staden), 4.mars, 18.mars, 1.april, 22.april.

Pris: kr.15,-

Viktig: Ikkje la elevane ha med meir pengar enn dei treng. Viss ein elev IKKJE har med pengar, men har lyst til å kjøpe, kan eleven IKKJE låne vekk pengar til eller låne pengar frå andre.

2015-11-15
Helsesøster

Helsesøster torsdag 5.november

Helsesøster Jorunn kjem torsdag 5.november. Då blir det vaksinering av 2. og 6.klasse (i følgje vaksinasjonsprogrammet), samt ev.jenter i 7.klasse. I tillegg er det høve til å undersøkje syn og hørsel. Ta kontakt med kontaktlærar viss de ønskjer at dykkar barn skal bli undersøkt!

2015-11-02
Vennskapsband 2015_450x338

Forut og Olweus

Vennskapsband

Dei eldste i barnehagen og 1.-4.klasse har knytt vennskapsband!  Me har vore mykje i lag i veke 43 -44,  og sist veke laga me og armband som me så gav til kvarandre. Her er heile venneflokken:)

2015-11-01

Morgonsamling, fredag 30.oktober

På fredag vert det morgonsamling igjen. Denne gongen er det mellomsteget som skal stå for programmet, og me ynskjer alle velkomne til å starta dagen saman me oss! 

Fredag, kl.0830 i gymsalen.

2015-10-27
Forut 1_450x344

Barnehagen og 1.-4. klasse sprang inn kr 455 til Forut!

Forutfestival

I regnveret torsdag var det full innsats på Forutfestivalen. Alle var innom 4 stasjonar: pengeløp, mandarinløp, kaste på blink, bowling og ballstafettar. På pengeløpet var fekk dei 1 kr for kvar runde; her vart det mange rundar! Festivalen er ein del av Forutarbeidet i veke 43 og 44. Tidlegare i veka var me alle saman på skulen og fargela mandalaer som skal pynte opp på kafeen på torsdag.

God helg!

2015-10-23
God helg_450x338

Morgonsamlinga til 1. og 2. klasse

16.10.2015

Ein flink gjeng på morgonsamlinga i dag:) Dei var litt nervøse før samlinga, men etterpå tykte dei det hadde vore kjekt! Her er heile gjengen i klatrestativet.

God helg!

2015-10-16
kalender

Velkomen

Morgonsamling fredag 16.oktober

1. og 2. klasse har morgonsamling fredag kl 8.30

2015-10-14
haustferie_500x408

GOD HAUSTFERIE!

Dei fyrste 7 vekene av skuleåret har gått undå i ein rasande fart, og no har elevane fortent ei veke ferie. Ynskjer alle ein god haustferie!

2015-10-02
Hestaskår_450x513

Flott innsats av Luster Oppvekstsenter

Opning av Hestaskår 11.09.2015

Riksantikvaren, leiaren i Kulturminnefondet, historikar Arne Solli frå UIB og mange frammøtte var med då stovehuset i Hestaskår vart høgtidleg opna.

Alle frå oppvekstsenteret heldt på med ulike aktivitetar; både arbeid og leik då fylgjet kom gåande frå kyrkja. Riksantikvaren fekk ma prøvd seg i 5-stein!

 4. og 5. klasse synte fram opninga frå ''En glad gutt'' og alle i oppvekstsentert framførde sangar. God innsats av alle!

God helg!

2015-09-18
Powered by CustomPublish AS