A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Morgonsamling, fredag 30.oktober

På fredag vert det morgonsamling igjen. Denne gongen er det mellomsteget som skal stå for programmet, og me ynskjer alle velkomne til å starta dagen saman me oss! 

Fredag, kl.0830 i gymsalen.

2015-10-27
haustferie_500x408

GOD HAUSTFERIE!

Dei fyrste 7 vekene av skuleåret har gått undå i ein rasande fart, og no har elevane fortent ei veke ferie. Ynskjer alle ein god haustferie!

2015-10-02
surface i klasserommet_550x309

Surface i klasserommet

Denne veka har me so smått fått testa ut Surface i undervisninga - ENDELEG! Her ser de 6.klasse i djup konsentrasjon med å løysa nettoppgåver på Multi (matematikk) sine nettsider! Dette skal verta eit kjekt verkty å bruka i klasserommet - me er heldige!

2015-09-25

Minnar om morgonsamling fredag 18.september kl.08.30

På fredag skal 5.-7.klasse ha ansvar for morgonsamlinga. Alle som måtte ynskja å vera til stades på morgonsamlinga er hjarteleg velkomne kl.08.30 i gymsalen i samfunnsbygget! :)

2015-09-16
friidrettsdag i moane_500x281

Friidrettsdag i Moane

I går (tysdag 15.sept) var me i Moane på Hafslo heile dagen og hadde ulike friidrettsøvingar. Då var me samla med alle elevar frå 5.-7.klasse i Luster kommune. Det var 60-meteren, stille lengde, lengde, høgde, kulestøyt og lett ball med øvde oss på. Etter mat fekk elevane velja om dei ville gå ein tur i området, eller springa 800 meter. Innsatsen var upåklageleg både på gåturen og på springebana i Moane, og me hadde representar frå Luster Oppvekstsenter både på 3.plass (7.klasse jenter), 2.plass (6.klasse jenter) og 1.plass (7.klasse gutar - beste tid!!). Framifrå prestasjonar!

2015-09-16
tegning_hodelus_jpg_147162m_400x420

Nasjonal aksjon mot LUS

Denne helga er den nasjonale luse-aksjonen, og me oppmodar alle foreldre om å sjekka borna dykkar!

Ha ei ellers triveleg helg! ;)

2015-08-28
brennesteinane_500x281

Fjelltur til Brennesteinane!

I går (torsdag) var heile skulen + Skuleklubben i barnehagen på flott fjelltur til Brennesteinane. Me gjekk heile vegen frå skulen og opp i skinande sol frå skyfri himmel! Flott turver, og god stemning blandt både ungar og vaksne gjorde turen veldig kjekk! :-)

2015-08-24
fyrste skuledag 2015_400x225

Velkomne til skuleåret 2015/2016

Då var me komne godt i gang med det nye skuleåret, og ein triveleg start har det vore. Her er eit bilete frå fyrste skuledagen med alle dei smilande ungane me har i 5.-7.klasse! 

Minnar om at det er muleg å bestilla både frukt og mjølk på internett - http://www.skolefrukt.no og http://www.skolemelk.no .

 

2015-08-19
sykkeltur_sage_650x366

Sykkeltur til Sage

På torsdag flytta me klasserommet ut på sykkelsetet, og heile mellomsteget var på sykkeltur til Sage. Me sykla frå skulen og fram til kraftstasjonen der me tok ein god pause og fekk i oss mat og drikke. Sidan me var ved kraftstasjonen var det eit passande høve til å repetera litt av det me lærde om då me var på besøk i Jostedal Kraftverk tidlegare i vår. Sykkelturen gjekk fint og sjølv om bakkane på turen opp var litt tunge, gjekk dei desto lettare ned igjen, og alle var einige om at turen hadde vore fin!

2015-06-14
hestaskår_650x366

Aktivitetsdag i Hestaskår

I dag, fredag 5.juni, har alle elevane ved Luster Oppvekstsenter fått smaka på korleis det var å leva ved Hestaskår for 150 år sidan. Me har baka potetkaker, smakt på sild og poter, lært oss å stella med hest, båre vatn og hesja. Veldig kjekk dag med aktivitetar som verkar til å interessera elevane! Dei har jobba veldig godt og samarbeida fint i lag på dei ulike stasjonane :)

2015-06-05
Powered by CustomPublish AS