A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

tinestafett_2015_700x394

TINESTAFETT 2015

Tysdag 12.mai var me i Moane på Hafslo saman me elevar frå resten av Lustraskulen, for å delta på Tinestafetten 2015. Me nådde diverre ikkje heilt itl topps i springetevlinga, men fekk derimot prisen for beste HEIAGJENG! Og DET skal me vera stolte over! Ungane var flinke til å heia fram både eigne løparar, og løparar frå andre skular. Framifrå god innsats! :-)

2015-05-22
jostedal kraftverk_550x309

Tur til Jostedal Kraftverk

Måndag 11.mai var me på tur til Jostedal Kraftverk. Der fekk me guida omvisning inne i kraftstasjonen saman med Ivar Hårklau som jobbar i Statkraft. Han forklarte oss korleis kraftstasjonen fungerte, og me fekk sjå ein film frå bygginga av demninga på Styggevatnet og hallen inne i fjellet på Myklemyr. Elevane fekk stilla spørsmål som dei hadde førebudd i forkant. Dette var ei oppsummerande og lærerik avslutning på temaet "Vasskraft" i naturfag.

2015-05-22
IMG_1973_550x413

Båsrydding

I dag har heile oppvekstsenteret vore i sving med båsposar og hanskar for å rydda langs vegar og i byggjefelt. Skal sei dei var flinke og ivrige med å få samla alt bås - knallgod innsats frå alle mann resulterte i velfortent is som "dessert" til lunsjen! Ved sidan av ser det litt av fangsten som 6.klasse fekk då dei rydda langs med vegen frå Smia og inn til skulen. 

2015-04-30
ellen borch_600x338

Verdas bokdag

I anledning "Verdas bokdag" den 23.april hadde me besøk av Ellen Borch Veum frå Luster Folkebibliotek på onsdag denne veka. Ho fortalte oss om ulike sjangrar og bøker som kunne vera spanande å lesa. Ho viste oss også ulike måtar ein kan låna bøker på gjennom biblioteket. Det var ei kjekk stund og mange fekk gode tips til bøker dei kunne lesa. Takk for besøket, Ellen :)

2015-04-24
solformørking_500x337

Solformørking

På fredag var det solformørking, og det markerte elevar og vaksne med Luster oppvekstsenter. Studentane våre hadde laga eit kreativt undervisningsopplegg der elevane fekk læra om kva som eigentleg skjedde. Me var ute på fotballbana og delte elevane i grupper som skulle visa sola, jorda og månen sin posisjon i forhold til kvarandre under solformørkinga. Sidan det var eit tungt skydekke over Luster fekk me ikkje studera sola noko nærare, men ungane la merke til at det vart mørkare og kaldare, ja so mørkt at fuglane stoppa å kvitra for ei lita stund. Artig og lærerik oppleving!

2015-03-22
bygging av pyramide_400x225

Matematikk-halvdag, torsdag 12.mars!

Torsdag 12.mars hadde me matematikk halve dagen! Det var ein kjekk dag, og tilbakemeldingane frå ungane var gode. Ungane var organisert i grupper der dei var innom tre ulike stasjonar. Dei skulle bygge 3D-figurar av papir og splittbindersar, løysa grubleoppgåver med fyrstikkar og utforska den levande kalkulatoren. God innsats frå elevane gjorde at dagen vart lærerik og kjekk :)

2015-03-13
Skuleløpet 2014_450x253

SKULELØPET - innsamling til FORUT!

I samband med barnehagen og 1.-4.klasse sitt FORUT-prosjekt har også me på mellomsteget engasjert oss. På onsdag 29.oktober sprang elevane og vaksne inn over 3300 kr. som skal gå rett i kassa til FORUT. Pengane skal brukast til å byggja skular og barneheimar i Nepal, og gje so mange ungar som muleg ein trygg oppvekst. Tusen takk til alle sponsorane som har støtta elevane i denne omgang - saman med elevane har de gjort ein imponerande innsats for å hjelpa mennesker som ikkje har det like trygt og godt som me har det her i Noreg.

Alle elevane fekk kvar sin diplom for å ha delteke og sponsa FORUT :-)

2014-10-31
Veggavis om villrein_200x356

Etterarbeid av Villrein-dagen i Ringsdalen!

Etter dagen me hadde saman med SNO i Ringsdalen den 10. september har me jobba med ulike prosjekt knytta opp mot temaet "Villrein". Elevane har laga PowerPoint-presentasjonar og veggaviser. Dei har hatt framføringar for kvarandre der dei presenterte innhaldet på veggavisene. 

På biletet ser de ei av veggavisene som vart laga, som no heng i gangen på skulen. Ungane har jobba godt i grupper og likar denne type arbeid, noko som viser seg i eit godt resultat. Dei får utfordra kreativiteten sin i korleis dei organiserar veggaviser, og dei får øvd seg på å henta ut relevant fakta via ulike nettsider.

2014-10-24
skolebarn

Velkomen tilbake frå haustferie!

Håpar alle har hatt ein god haustferie, og er klare for nye veker på skulen! Me byrjar med symjeundervisning måndag 13.oktober i Lustrabadet :-)

2014-10-12
SNO-tur_450x253

Tur til Ringsdalen med SNO!

Onsdag 10.september var heile mellomtrinnet saman med 7.klasse ved Gaupne Skule på tur til Ringsdalen. Dette var ein tur arrangert av SNO - Statens Naturoppsyn - der dei hadde laga eit godt, interessant og informativt opplegg med VILLREIN som tema. I etterkant av denne turen skal elevane no velja ein måte å bearbeida informasjonen dei har fått. Dei skal i grupper velja ut nokon (t.d kommunestyre, foreldregruppa, andre skular, småskulen) som dei skal presentera fakta om villreinen for. Opplegget vart gjennomført i fantastisk haustvèr og både elevar, lærarar og SNO-representantar var godt nøgde med dagen!

2014-09-11
Powered by CustomPublish AS