A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Bilete

LESiNG OG BAKING

Samarbeid med 5.klassen

Bildeserie av 5-klassen les og bakar peparkaker med oss. Klikk her

2012-12-09
Birger og dei eldste framfor Tullifura

Tradisjonsmusikk frå Halveg, hjelpsam kjentmann, ei kjempestor furu og bratte bakkar opp til Vindolen

Tilbake til Tullifura

Torsdag 30.august fekk me til turen vår tilbake til Tullifura. Me skal skrive meir om turen i årets JSA, men her følgjer i alle fall ein flott biletserie frå den flotte dagen:

2012-09-13
Telt i sol ved Holmevatnet

I starten av september var 6.-7.trinn på overnattingstur med Arvid og Jostein

Tur til Holmevasshytta

2012-09-07
PÅ TUR DYR

PÅ TUR MED VEGGIS

DYR I NÆROMRÅDET

I dag var det "VEGGIS-TUR" for Elias, Milla, Lars-Haakon og Vebjørn. Kva dyr finn me på turen vår?
2012-09-04
5-åringane ved Nigardsbreen

NIGARDSBREVATNET

5-ÅRINGANE PÅ FISKETUR

Barnehagen har som tradisjon at 5-åringane reiser på fisketur, med grilling,leik og båt-tur på Nigardsbrevatnet. I år er det Oda, Thekla, Siri-Elise, Lars-Andreas og Håkon som er 5-åringar.
2012-09-01
Bilde0338

Til topps!

Moro å klatre i barnehagen

2012-08-31
vatn

PÅ TUR MED VEGGIS

VATN

Måndag 27. august var det ny turgruppe med VEGGIS. Kva fann dei på turen som dei lurer og funderar på?
2012-08-29
tullifura 2009

Obs: Utsett til torsdag 30.aug grunna store mengder regn tysdag!

Tilbake til Tullifura

Torsdag (30.aug) prøver me att: Heile skulen på tur - tilbake til Tullifura, der skulen hadde "Rydd eit kulturminne" i 2009. 

Alle må ha med stor og god niste (gjerne til å ete to gonger), drikke, gode tursko, regnklede og evnt skifteklede. Det er lov å ha med ein liten tursjokolade for dei som vil.

5.-7.trinn skal gå frå Prestegarden, så dei som følgjer drosjen kan stige av der. Dei som følgjer bussen/ikkje har skyss, blir køyrt ned til Prestegarden med bussen så snart 1.-4. er ute. Dei startar å gå frå Prestegarden om lag kl 9. Dei minste køyrer buss heilt opp til Halveg, der møtest alle.

Me er tilbake til vanleg skulerute-tid kl 14.45, men det vert altså ikkje bading denne torsdagen.

2016-03-02
Veggis og glas-bileta

PÅ TUR MED VEGGIS

Vanndalsvegen

I år skal Veggis vere med oss ut på tur i nærmiljøet. Me går i små grupper fordelt på ulike dagar. Alle skal få bli med utover hausten, og målet med turen er å finne eitt eller anna me lurer på om noko av det me finn eller ser i naturen. Bilete/tekst o.l. blir hengt opp på ein eigen "Veggis-vegg".

2012-08-20
2012-08-20 02

Velkomne til nytt skuleår!

Første skuledag måndag 20.aug

Me på skulen vil ynskje alle velkomne til nytt skuleår som startar måndag 20.august. Skuledagen varer frå 9 til 14. Elevane på 1.-4.trinn har tilbod om leksehjelp måndag kl 14-15 og onsdag kl 13-14. Frå måndag vil timeplanane vere tilgjengelege her på nettsidene. Det er fint om dei som skal ha sfo gir beskjed til rektor snarast mogeleg om kva for morgonar og ettermiddagar dei vil vere der. Meldingar som gjeld sfo går no kun til skulen (bruk meldingsboka).

Det blir kjekt å sjå alle etter ein lang sommar, og me ynskjer spesielt velkommen til dei nye førsteklassingane, Jostein, Stig og Øyvind - vel møtt til første skuledag! Helsing Mette rektor og alle dei andre på skulen.

2012-08-16
Powered by CustomPublish AS