A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

SFO

bygdakafè

Bygdakafè

Mykje folk var fredag samla til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Her kunne ein kjøpa seg kaffi, kaker og sveler laga av 5.,6. og 7.klasse , og så kunne ein slå av ein prat med kjende og ukjende. 1.-4. klasse stod for underhaldninga denne dagen, og dei underheldt med både dans og song. Det er so kjekt at me må bera inn fleire stolar og bord på kafèdagen, for det viser at folk veit å setje pris på bygdakafèen. Så takk til alle som deltok på kafèen på fredag!

2018-10-10
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag 5.oktober kl.11.00 - 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. 1.-4.klasse vil ha underhaldning ca kl.12.00. Så velkommen til ei koseleg stund på Indre Hafslo. Helsing 5.,6. og 7.klasse.

2018-09-29

Fjelltur

Tysdag den 4.september blir det fjelltur for alle elevane på skulen og borna på skuleklubben. Turen går til Navarsete, Heggdalen og Heggdalsvatnet. (Engjadalen) Me avpassar turen etter borna, så dei minste går nok berre til Navarsete eller Heggdalen. Me reiser frå skulen klokka 9.00 og er tilbake til skuleslutt.

2018-08-31
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Torsdag den 12.april kl.11.00 til 13.00 inviterar me til bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter. Det blir sal av kaffi, kaker og saft. Barnehagen vil underhalde. 1. til 4.klasse har i mange veker øvd på ulike dansar, og desse vil dei også visa på kafèen. Så velkommen til ei koseleg stund  på Indre Hafslo oppvekstsenter.

2018-04-05
påskelunsj 1

God påske

Me bilete frå eit flott påskelunsjbord vil me ynskje elevar, føresette og tilsette ei god påske!

2018-03-26

Markering av verdens Downs syndrom dag

Onsdag den 21.mars ynskjer me å markere verdens Downs syndrom dag. For å markere dagen og syne at me alle er ulike så håpar me at, både barn og vaksne, denne dagen tek på seg ulike sokkar. 

Den første Downs syndrom dagen vart halden den 21.mars 2006. Datoen peikar på kromosonpar 21 som ved Downs syndrom har eit ekstra tillegg. Over heile verda blir dagen nytta til feiring og opplysning.

2018-03-19
IMG_3899

OL dag

I dag har me hatt ein flott OL dag på Indre Hafslo oppvekstsenter. OL elden vart tent presis kl. 10.00 og sjølvsagt måtte me danse OL-floka.

Etterpå var me delt i grupper der me hadde aking, hopp, portkøyring, flaskerenn og skiskyting. Kl. 11.30 samla me oss på uteskulen der det var matpause og grilling. 

Etter mat var det nye aktivitetar på alle, og kl. 14.00 samla me oss til offisiell premieutdeling. 

2018-02-27
kaffikopp

Velkommen til bygdakafè

Fredag den 2.februar kl. 11.00 til 13.00 er alle velkomne til  bygdakafè på Indre Hafslo oppvekstsenter.

Det blir sal av kaffi, kaker og saft.

Barnehagen og 1.-4.klasse vil underhalde.

Så ta med familie, venner eller naboen til ei koseleg stund på oppvekstsenteret.

Helsing 5,.6. og 7.klasse.

2018-01-26
God jul

God jul

Då vil me på Indre Hafslo oppvekstsenter få ynskja alle ei god jul og eit godt nytt år!

2017-12-22
Powered by CustomPublish AS