
COS - kurs på Hafslo
FORELDREKURS – COS
Vi startar opp med nytt COS- kurs
( Circle of Security) for føresette og tek i mot påmeldingar no.
Kurset vert i Hafslo barnehage, på tysdagar i 1,5-2 timar og går
over åtte veker. Første kurskveld tysdag 25.februar.
Påmeldingsfrist 12.februar.
Til føresette.
Mange foreldre tykkjer det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god ein oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), tryggheitssirkelen, skal gje dykk som foreldre verktøy til å forstå bedre kva behov barn har, kva signal dei gjev og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.
Målet med kurset
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møte utfordringar vi møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.
I kurset snakkar vi om:
- Tryggheitssirkelen. Tryggheitssirkelen hjelp oss til å sjå kva behov barna har for foreldra si støtte både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege følelsar.
- "Vere saman" i tryggheitssirkelen. Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknytning følelsesmessig.
- Vegen til tryggleik. Din tilgjengeligheit som forelder påverkar ditt barn sin måte å formidle følelsar og behov.
- Vanskelege situasjonar. Vi vil gje dykk foreldre nokre reidskapar til samspel mellom dykk og barna når situasjonen kjem ut av kontroll. Vi ser på balansen mellom det å være tydeleg og samstundes vere ein god forelder.
- Foreldra sine eigne erfaringar. Nokre gonger har vi vaksne erfaringar frå eiga fortid som gjer at reaksjonar i notid kan verte "større" enn naudsynt. Vi vil gje dykk nokre reidskapar til korleis de kan handtera dette.
Vi startar opp med nytt COS- kurs ( Circle of Security) for føresette og tek i mot påmeldingar no.
Kurset vert i Hafslo barnehage, på tysdagar i 1,5-2 timar og går over åtte veker. I veke 11 vert det kurs onsdag grunna arrangement i barnehagen tysdag.
Kurskveldar:
Tysdag 25.02. kl.19.30
Tysdag 03.03. kl.19.30
Onsdag 11.03. kl.19.30 NB!
Tysdag 17.03. kl.19.30
Tysdag 24.03. kl.19.30
Tysdag 31.03. kl.19.30
Tysdag 14.04. kl.19.30
Tysdag 21.04. kl.19.30
Påmelding til Solveig på epost: solveig.lokkebo@luster.kommune.no.
Frist 12.februar.
Vi vil gjerne vite om de kjem ein eller to føresette på kurset.
Ta gjerne kontakt om de har spørsmål til kurset.
Tlf.57685835 / 41622595 (Solveig Løkkebø, styrar i Hafslo barnehage).
Helsing
Hilde Kristoffersen og Solveig Løkkebø