A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Vekeplan

Skulen:

Endring av oppsett på vekeplanane

No ser vekeplanane for 1.-4.trinn annleis ut enn dei har gjort før, og frå neste veke vil 5.-7.trinn sine òg bli endra. Formatet er endra frå «ståande» til «liggande», og innhaldet er organisert på ein litt annan måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart!

Kjære foreldre,

Frå og med denne veka ser vekeplanen annleis ut enn han har gjort før. Me har endra formatet frå «ståande» til «liggande», og med den endringa måtte me òg organisere innhaldet på ein litt anna måte. Me vil difor be dykk studere planen litt ekstra grundig denne veka, og gjerne spørje oss om det er uklart.

Endringa har me nemleg gjort for at det skal bli LETTARE å lese og forstå det som står der. Vekeplanen er det viktigaste verktøyet vårt for den jamlege kommunikasjonen med dykk, så viss de har problem med å forstå han, vil me gjere noko med det!

Ruth og eg tek denne vinteren eit nettbasert kurs i regi av Dysleksi Norge (www.dysleksinorge.no) om systematisk lese- og skriveopplæring og tilrettelegging for elevar som har vanskar med lesing og skriving. Noko av det me har lært så langt, er at det er lettare å forstå planar der ein les mest frå venstre mot høgre i staden for mest frå topp mot botn av arket (sjølv om alle slike planar må lesast frå topp mot botn òg). For å gjere det ryddigare, har me samla alle «praktiske opplysningar» på ei side, der òg leksa til kvar dag står i ein eigen tabell.

Kom gjerne med kommentarar til det nye oppsettet!

Alle vekeplanane finn de HER.

Mette rektor

Mob: 91715162

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS