A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
Blues-for-barna

Den kulturelle skulesekken onsdag 24.sep kl 17 i Dølaheimen

Gratiskonsert: "Blues for borna" - ope for alle!

I samarbeid med ungdomslaget tek me imot DKS-konserten "Blues for borna" i Dølaheimen. Konserten varer om lag ein time, med veldig flinke musikarar: Eirik Bergene, Alexander Pettersen og Erik Harstad. Elevane deltek i delar av konserten, og dei har eit førebuingsopplegg i forkant (dei avspaserer den ekstra skuletida seinare). Ungdomslaget står for praktisk tilrettelegging og noko enkel servering (ta med kontantar!). Etter konserten vil Jostedal Rockeverkstad ha informasjonmøte om nye tilbod i haust.

5.-7.klasse vert att på skulen onsdag og får ha øvingsgrupper på instrument/rytme/sang med musikarane som førebuing til konserten! Dei lagar middag til alle i mat og helse, og et i lag med musikarane om lag kl 15. Etter mat og øving, hjelper elevane til med rigging i Dølaheimen.

Om kunstnar / utøvar / gruppe

ERIK HARSTAD (gitar, vokal) er ein godt bevart musikalsk løyndom. Heilt ukjend for mange, men likevel ein gitarist som bluesmiljøet har lært seg å setje stor pris på. Erik spelar med sjel og ein fantastisk intensitet. Han meiner at kvar einaste tone han spelar er ilke viktig, og at musikken skal både groove og vere funky på ein gong. Ein konsert med Erik er aldri kjedeleg.

EIRIK BERGENE (munnspel, bass, vokal)
"Tøff, norsk bluesdebut for syngande munnspelar" skreiv Dagbladet om debutplata til Eirik Bergene, "A better way".  Eirik Bergene har lenge vore ung og lovende i det norske bluesmiljøet, men vert i dag rekna som ein av dei fremste i landet på munnspel. Han har spelt med mellom anna Vidar Busk og har vorte sterkt inspirert av dette samarbeidet.

ALEXANDER PETTERSEN (IKKJE HENNING MAARUD!) på slagverk og vokal
Etablert og ettertrakata blues-trommis gjennom mange år, har m.a. òg spelt i lag med Vidar Busk.

 
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS