A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Barnehage

Månadsbrev for Februar

Her kjem oppsummering og bileter frå februar

Månadsbrev for februar.

 

I februar har me jobba mykje med tema: Den lille larven aldrimett. Resultatet er godt synleg på veggane våre. Utanom det som heng på veggen bakte me bolle-larve til fastelavn. Det vart mange fine larvar, og stor stas å ete dei med krem og syltetøy. Me har sunge sangen om den lille larven, refrenget høyrer me ofte rundt omkring i barnehagen. Me høyrer den rundt bordet og i leiken både inne og ute.

 

 

 

 

SAMARBEID ER VIKTIG I HEILE PROSJEKTET MED LILLE LARVEN

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Då Ida Kristine var vikar tok ho med seg trekkspelet sitt, og me fekk ei fin stund med både musikk og dans. Dei som ville fekk lov til å prøve å trykke og lage lyd på trekkspelet. Me tok og fram pinnane våre og var med å laga musikk.  Og so dansa me….

 

 

 

 

 

 

 

Denne månaden fekk nokre av oss ein tur ut av bygda i lag med 2.klassen på skulen. Då var borna fødd 2010 og 2012 på teater i Gaupne. Teateret heitte ”Den store krokodillen”, og det var ein mann som fortalte historia om krokodilla med lydeffektar.

 

Bjørnane har hatt nytt skulebesøk, våre på gymtimar og bading med skulen.

 

I februar har me feira tre bursdagar. Elias vart 6 år, Eivind vart 2 år og Sigrid vart 2 år. Hurra for dei! J

 

Elles så likar me å bruke gymsalen, både til hinderløyper og leik med ballar, tau, madrasser. På dagar då det var veldig kaldt, er me heldige som har gymsalen å få bevege oss i .

 

 

 

Då lysløypa vart køyrt, vart me meir ivrige på å gå på ski. Me har også brukt skogen og akebakkane i lysløypa til å gå tur i. Fint å sjå at soli kjem gradvis att hos oss, og me har avslutta mange dagar med leik ute.

 

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS