Fleire ungdomslosar i Luster

Frå i haust har Luster kommune eit team med tre ungdomslosar. Dei jobbar til saman i 110% stilling. 

Ungdomslosane i Luster kommune - Klikk for stort bileteUngdomslosane i Luster kommune Ørjan Talle

Armando, Ragnhild og Lotte er kommunen sine tre ungdomslosar

Armando vil som før vere knytt til begge ungdomsskulane og barneskulane i kommunen. 
Ragnhild vil i hovudsak vere knytt til Hafslo barne- og ungdomsskule og Lotte til Gaupne barneskule og Luster ungdomsskule.

Armando Navarro - Klikk for stort bilete

Armando Navarro
Armando har vore ungdomslos i Luster sidan 2019. Han er også å sjå på ungdomsklubben, Rocket- Man mm. Han er utdanna bachelor i friluftsliv og har vidareutdanning i aktiv omsorg. Armando er mentor for førebygging av radikalisering og sertifisert kurshaldar for personar som veks opp krysskulturelt.

Ragnhild Mølvik - Klikk for stort bilete

Ragnhild Mølvik
Ragnhild er utdanna grunnskulelærar. Ho har fleire år med erfaring frå 1.-10. trinn i skulen, frå barnehage og har også videreutdanning i spes.ped.

Lotte Malterud Grøndahl - Klikk for stort bilete

Lotte Malterud Grøndahl
Lotte er utdanna lektor innan idrett og friluftsliv. Ho har jobba fleire år som høgskulelektor i Sogndal med idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og helse, arbeida innan psykisk helsevern, og med born og unge i barnehage og i ulike friluftsaktivitetar.

Kva gjer ein ungdomslos

Ungdomslosen skal hjelpe ungdom når dei sjølv ynskjer det og kan møte ungdomen på deira arena, samt vere tilstades når ungdomen treng nokon å snakke med.
Målet med ungdomslosarbeidet er å hjelpe ungdom som har utfordringar med å fullføre skuleløpet med å auke skulenærvær, betre skuleprestasjonar og å fullføre skuleløp

Les meir og finn kontaktinfo her