I tillegg til å vera ein 12 års plan vil det bli utarbeida eit fireårig handlingsprogram gjeldande frå 2027. Planen er grunnlag for tildeling av kommunale tilskot til kulturføremål og tildeling av statlege midlar til anlegg. Me er på jakt etter innspel frå lag og organisasjonar som er aktuelle i samband med bygging, rehabilitering og drift av nye anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.
Luster kommune vil gjere søkjarar merksame på endringar i «Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå spilloverskuddet til Norsk Tipping», der mellom anna velforeiningar ikkje lenger kan søkje om spelemidlar.
Saksdokument:
Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet fra spilloverskuddet til Norsk Tipping (PDF, 630 kB)
Rundskriv 01_26 Tilskuddssatser for tilskuddsberettigede anleggstyper for søknadsåret 2027 (PDF, 417 kB)
Veiledning til Forskrift om tilskudd til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet (PDF, 515 kB)
Spørsmål kan rettast til fagansvarleg Ivar Kvalen, epost ivar.kvalen@luster.kommune.no tlf. 951 91 829.
Innspel kan sendast til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne, på e-post: post@luster.kommune.no
Frist for å kome med innspel til planarbeidet er sett til 12. september 2026.