Som mange no veit arbeider Luster kommune systematisk med tilsyn og oppgradering av private avløpsanlegg. Informasjon her er kvifor dette arbeidet er viktig, kva det inneber, og kva det betyr for deg som eigar av eit avløpsanlegg.
Dette er eit arbeid alle kommunar er pålagt å utføre.
Kvifor gjennomfører vi tilsyn?
Mange private avløpsanlegg er gamle eller fungerer ikkje som dei skal. Defekte eller mangelfulle anlegg kan føre til utslepp av ureinsa avløpsvatn til naturen. Dette kan ha fleire uheldige konsekvensar:
- Forureining av lokale bekkar, elvar og innsjøar
- Auka tilførsel av næringsstoff (særleg fosfor og nitrogen) til Sognefjorden, som gir oppblomstring av algar og oksygentap.
- Redusert vasskvalitet for drikkevatn og friluftsliv
- Negativ påverknad på fisk, plantar og andre organismar
Effektar på økosystem – lokalt og regionalt
Lokalt kan dårleg avløpshandtering føre til at mindre vassførekomstar får redusert økologisk tilstand. Dette kan gi dårlegare levevilkår for artar i vatn og vassdrag, og påverke bruk av områda til rekreasjon og næring. I tillegg kan det føre til tilførsel av bakteriar som E. coli og andre sjukdomsframkallande organismar.
Regionalt utgjer den samla belastninga frå mange små utslepp ei utfordring for større vassområde som Sognefjorden. Forskingsmiljø, mellom anna Norsk institutt for vannforskning (NIVA), har vist at klimaendringar og tilførsler frå land påverkar oksygenkonsentrasjonen i fjorden. Dette inkludert også avløp, landbruk og auka avrenning.
Studien viser meir konkret at:
- om lag 2/3 av oksygentapet kjem frå tilførsel av næringsstoff frå land
- om lag 1/3 kjem frå auka temperatur i vatnet som følgje av klimaendringar
Auka temperatur reduserer vatnet si evne til å halde på oksygen, og forsterkar dermed effektane av utslepp frå land. Framtidig temperaturstigning gjer difor fjorden meir sårbar.
Sjølv om kvart enkelt utslepp kan vere lite, er den samla påverknaden betydeleg. Reduksjon av utslepp frå private avløp i kombinasjon med andre tiltak er difor eit viktig og effektivt tiltak for å redusere utslepp av næringsstoff frå land.
Kva inneber tilsynet?
Kommunen vil:
- Kartleggje eksisterande avløpsanlegg
- Vurdere om anlegga oppfyller gjeldande krav
- Gje pålegg om tilstandsvurdering eller oppgradering der det er naudsynt
Som eigar har du ansvar for at avløpsanlegget ditt fungerer tilfredsstillande og ikkje forureinar miljøet.
Tilsyn og kartlegging skjer områdevis
Arbeidet blir gjennomført område for område. Prioriteringa tek utgangspunkt i miljøtilstanden i nærliggjande vassførekomstar, kor sårbare dei er for påverknad, og den samla belastninga i området.
Vidare prosess
Du vil få nærare informasjon når ditt anlegg skal kontrollerast. Kommunen vil også rettleie om krav og moglege løysingar.
Du finn meir informasjon på Luster kommune si heimeside
Har du spørsmål, er du velkomen til å ta kontakt med miljørådgjevar Jan-Kristoffer Landro på tlf. 469 26 255 eller e-post: jan-kristoffer.landro@luster.kommune.no