Last ned Stikk UT!-appen på di føretrukne mobileining, finn eit turmål og kom i gang!
Stikk UT! har som mål å bidra til betre folkehelse, trivsel og naturglede. Det er gratis å delta.
Gjennom lågterskeltilbod, gode turskildringar og ein brukarvenleg app ønskjer vi å få fleire ut i naturen. Stikk UT! er eit turregistreringskonsept som mange friluftsråd nyttar, frå Lister i sør til Finnmark i nord.
I Sogn finn du turar i både Luster, Sogndal og Vik. Sogn friluftsråd jobbar med å utvide tilbodet til fleire kommunar. I samarbeid med kommunekontaktar, idrettslag, bygdelag og andre vil det kome fleire turar i appen i løpet av året.
Velkomen ut i Balestrand, Norane, Sogndal, Fjærland, Indre Hafslo, Gaupne, Luster og Skjolden!
Les meir om stikk ut her
Last ned Stikk UT!- appen til iPhone eller Android