
I samarbeid med Sogn Friluftsråd, Luster IL, IL Fanaråk, IL Bjørn, Veitastrond IL og Hafslo IL er årets versjon av StikkUT! Luster i gong. StikkUT! er ei felles digital turtrimregistrering for innbyggjarar og besøkande i Luster kommune.
StikkUT! er ein nasjonal og populær turtrim med turar på ulike nivå. Det er gratis å delta, og målet er å bidra til betre folkehelse, trivsel og naturopplevingar.
Nytt i år
Turane ligg no ute heile året for registrering.
- Det er mogleg å registrere seg med utanlandsk telefonnummer.
- Per 1. mai er det lagt ut 57 unike turar, og fleire kjem gjennom sommaren.
- Det blir laga Stikkutfordringar gjennom året, der ein kan samle turar og vere med i trekking av premiar.
Trykk deg inn på stikkut.no eller last ned appen i App Store eller Google Play. Appen er brukarvenleg og inneheld gode turskildringar og GPS-spor i kart. Kanskje finn du òg nye turfavorittar i nabobygda?
Bli med å samle kreftene på tvers av bygder!
Sogn Friluftsråd vil samarbeide med bygdelag/idrettslag/turlag eller andre lokale ressursar som vil digitalisera sine trimpostar og turar i sitt nærområde. Ved å samle krefter i bygdene skal vi forsøke å ikkje berre bli endå ein turregistreingstrim oppå alle andre, men heller bistå med å samle kreftene på tvers av bygder, lag, organisasjonar og kommunar.

Ønskjer ditt lag eller organisasjon og digitalisere lokale turar og trimpostar i ein felles, gratis plattform? Ta kontakt med folkehelse i Luster kommune eller Sogn Friluftsråd.
Sogn Friluftsråd ønskjer å samarbeide med bygdelag, idrettslag, turlag og andre lokale ressursar som vil digitalisere trimpostar og turar i nærområdet sitt. Målet er å ikkje berre bli endå ei turtrimløysing ved sida av alle dei andre, men heller samle krefter på tvers av bygder, lag, organisasjonar og kommunar til ei felles løysing.
Ønskjer laget eller organisasjonen dykkar å digitalisere lokale turar og trimpostar i ei felles og gratis plattform? Ta kontakt med folkehelsekoordinator i Luster kommune eller Sogn Friluftsråd.