A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Desse punkta er me forplikta til å følgje for å vere Olweus-sertifisert!

"Olweus standard"

Jostedal skule er stolte av å vere Olweus-sertifisert for perioden sep 2011 - sep 2013. Dette inneber at me følgjer dei 12 punkta i "Olweus Standard":
  1. To gonger i året skal det arrangerast eigne personalmøte for alle tilsette ved skulen der hovudelementa i det tidlegare og framtidige antimobbearbeidet blir gjennomgått og diskutert.
  2. Det blir gjennomført minimum 5 møte utover i skuleåret i form av pedagogiske samtalegrupper for personalet inndelt i grupper.
  3. Det blir halde minst eitt eindags innføringskurs som omhandlar Olweusprogrammet for nytilsette (ansvar: ressurspersonen i kommunen).
  4. Det blir gjennomført undersøking med Olweus spørjeskjema om mobbing blant elevane ein gong i året. 
  5. Inspeksjonsplanen blir gjennomgått, kritisk vurdert og eventuelt revidert minst ein gong i året. 
  6. Lærarane og øvrig personale gjer aktiv bruk av dei fire skulereglane mot mobbing og handhever dei så konsekvent som mogeleg.
  7. Kontaktlærarane held minimum 2 Olweus-møte i elevgruppene pr. månad om mobbing og liknande tema.
  8. Mobbing er tema på minst 2 møte i elevrådet pr. år.
  9. Mobbing skal vere fast tema i dei faste elevsamtalane. 
  10. Dei føresette blir godt orienterte om skulen sitt førebyggjande og problemløysande antimobbearbeid, minst på 1 gruppe- eller trinn-foreldremøte pr. år og i dei faste utviklingssamtalane. 
  11. Skulen skal kjenne og kunne bruke dei prosedyrane som er omtala i Olweusprogrammet og som skal brukast i arbeidet med mobbesaker. (Kap. 9). 
  12. Skulen skal utarbeide ein kvalitetsplan som viser korleis skulen vil arbeida for å sikre kvaliteten for tiltaka i denne standarden.
Sjå òg Utdanningsdirektoratet sine fem faktorar for godt læringsmiljø HER.
Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS