A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Oppkast og forkjøling

Det er fleire ungar som har vore sjuke i påsken, og som framleis ikkje er heilt bra. Det er ofte vanskeleg å bedømme om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen eller må vere heime. Generell regel er at ein må vurdere almenntilstanden til barnet, men når det gjeld oppkast/diare seier smittevernlegen at barnehagebarn bør holdast heime i 48 timar etter at dei er symptomfrie. Er du usikker på om barnet er frisk nok til å gå i barnehagen, kan det vere lurt å holde barnet heime ein ekstra dag. Det er travelt for sjuke ungar å vere i barnehagen. Sjølv om dei tilsette gjer så godt dei kan for å trøyste og gje omsorg til barn som treng det, greier me ikkje å erstatte den omsorgen som berre de foreldre kan gje dikkas barn.

 

 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS