A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Carla Navarro besøkte alle klassane på skulen måndag 1.september

Råd frå fysioterapeuten

Fysioterapeut Carla stilte på kvar og ein sin stol så alle skal sitte rett, og passa på at sekkane til 1.klassingane sat godt på ryggen. Ho snakka òg om kva som er viktig for både god helse og læring: Å sove nok og å bli sliten nokre gonger kvar dag. Carla fortalde elevane at me ikkje bør ha med mobiltelefon eller andre skjerm-dingsar i senga, siste halvtimen før me skal sove bør hjernen og augene få heilt datafri.

For å ha energi til alt me skal gjere og lære i løpet av dagen, treng kroppen kvile om natta. Tilrådde leggetider for 1.-3.klasse er mellom sju og åtte om kvelden, og det er tilrådd med maks ein time "skjermtid" dagleg (utanom skulen) for born i barneskulealder.
 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS