A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart
\"Skriveboka mi\" 6.-7.klasse

Inspirert av Gerd Fredheim, vil alle skuleklassane "skrive seg til læring" i

"Skriveboka mi"

I år vil me nytte ein felles metode for å få inn skrivetrening i små drypp. Alle elevane har ei bok som vert kalla "Skriveboka mi" der lærarar i ulike fag kan gi små skriveoppgåver til avgrensa tid. Når tida er ute, er oppgåva over. Det er ikkje fokus på rettskriving, det skal vere trening i å få tankar ned på papiret. Her ser de bøkene til 6.-7.klasse.

Gerd Fredheim er lærebokforfattar og foredragshaldar innan lese- og skriveopplæring i Noreg og Danmark, og var foredragshaldar på Sogn region sitt nettverk for norsklærarar i august i år. Ho understreka kor viktig det er for læring å skrive ofte ("five times daily" ifølgje amerikansk forsking ho refererte til) - ikkje nødvendigvis mykje kvar gong, men utan fokus på rettskriving og "feil". Dette jobbar me sjølvsagt med i andre typar skriveoppgåver. Den første oppgåva til elevane i 6.-7.klasse var å skrive om leseøkta dei hadde hatt timen før.
 

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS