A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Fylkeskommunen innfører nytt system hausten 2014

Skuleskyss

Dei som har rett på skyss (meir enn 2 km skuleveg for 1.klassingar, 4 km for 2.klasse og eldre) fekk første skuledag nye, elektroniske busskort. Her følgjer nokre presiseringar:

Når bussane får kortlesarane på plass, skal alle kort gjennom maskinene kvar dag. Ved gløyming får elevane vere med bussen om morgonen, men må låne eit "gløymekort" på skulen for å sleppe å betale for billetten heim att. Rektor har vore i kontakt med skuleskyssansvarleg i Nettbuss (Arild Fardal), og han seier det likevel er lov å køyre andre strekningar enn frå skulen til heimen (viss ein elev skal vere med ein annan heim etter skulen). Åsmund Sagerøy og Arne Bjørk køyrer framleis ruta frå skulen til Gjerde, Krundalen og Kroken, og Erik Leirdal og Johannes Elvekrok køyrer ruta i retning Gaupne. Ved spørsmål - ta kontakt med rektor, så prøver eg å finne ut av det!

Mette rektor/styrar (mob: 91715162)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS