Etablering av politisk frivilligheitserklæring i Luster kommune

«Innbyggjarane som bur i kommunen er vår viktigaste ressurs og i Luster kommune er det mange frivillige. Den frivillige innsatsen er avgjerande for å skape gode lokalsamfunn. Et godt samspel mellom kommunen og frivilligheita er nødvendig for å møte dei utfordringar og moglegheiar som følgjer samfunnsutviklinga»

Kartlegging blant frivillige lag og foreiningar

Sentrale myndigheiter tilrår alle kommunar  å etablere ein politisk frivilligheitserklæring.

Ei frivilligheitserklæring skal representere Luster kommune sin frivilligheitspolitikk og innehalde grunnleggande prinsipp og overordna målsetting for kommunen sitt samspel med frivillig sektor.

Målet med erklæringa er å gje eit fundament for eit forutsigbart og konstruktivt samspel mellom partane.

Som del av arbeidet med Frivilligheitserklæring inviterte kommunen til kveldskonferanse hausten 2022 for å få innspel frå frå organisasjonane. Det vart gjennomført kafedialog der organisasjonane kom med innspel som beskriv eigne utfordringar og ressursar samt kommunen sin rolle som tilretteleggjar i samarbeid og kontakt med frivilligheita

Bilete frå kveldskonferansen

Rapport frå kveldskonferansen  (PDF, 428 kB)

Underskriven avtale mellom Luster kommune og Frivillighet Norge   (PDF, 3 MB)

Kartlegging av frivillige organisasjonar i Luster kommune (PDF, 2 MB)

Lag og organisasjonar blei invitert til å bli med på ei digital kartleggingsundersøking. 
Alle som svara var med i trekking av premie på  kr 1000 kr og kommunen delte ut 3 premiar 
Vinnarane er: