A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

BARNEHAGEN

To-vekersplan 31. aug - 11. sep

I år har barnehagen valt å bruke to-vekersplanar i staden for oversikt over heile månaden. I tillegg vil me skrive månadsbrev og legge ut på heimesida der de kan lese om kva me har gjort på i forrige månad. Her finn du oversikt over kva me i barnehagen skal gjere dei kommande to vekene: September-1 PDF document ODT document

«Blåbærturen» av Alf Prøysen vil me jobbe ekstra mykje med, både i form av samlingar, måling, baking og lage vår eigen Blåbærskog i ei stor kasse ute. Me har ein del fellesøkter, men av og til deler me oss på kvar sin avdeling.

Skrivedans: Eit opplegg for 5-åringane der ein øver konsentrasjon, koodinering  auge/hånd, blyantgrep, teikne sirklar og strekar på store ark etter musikk som passar inn. Fysioterapaut  Carla Navarro kjem å blir med oss i nokre økter, ellers vil opplegget overgang barnehage/skule bruke skrivedans gjennom heile året.

Sirkus Agora: sjå eigen info på heimesida. Dei som har fri denne torsdagen kan komme på sirkus ilag med foreldre/føresette.

Veke 38 er Brannvernveka over heile landet. Me vil ha fokus på brannvern og brannøving fredag 18. sept

Måndag 31. aug

LEIKEDAG

Den som vil kan ta med ei privat leike til barnehagen denne dagen.

Tysdag 1.

Felles samling: «Blåbærturen»

+ teikne frå songen

 

Onsdag 2.

Samling i grupper: «Blåbærturen»

Samle inn naturmateriale frå skogen.

Torsdag 3.

5-år: Lage figurar frå songen

 

2-3 år: Lage songen i natur-materiale i stor kasse ute

Fredag 4.

Felles songsamling:

«Blåbærturen»

 

Måndag 7.

2 elevar frå 6-7 kl +Arvid er med i uteleik på føremiddag.

 

 

Tysdag 8.

2-3 år: Bake blåbærmuffins

5-år: Skrivedans m/Anne K

Onsdag 9.

5-år: Skrivedans m/ Carla

1-2-3 år: Måleaktivitet m/fokus på fargen BLÅ

Torsdag 10.

«Sirkus Agora» med Jan Kjetil Smørdal kjem til oss    Kl 13.45 i gymsalen. Sjå info heimesida

Fredag 11.

 

Me leikar vårt eige sirkus!!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS