A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

3. kl

Endeleg snø :)

Første veka etter vinterferien er vel overstått, og det verkar som at alle elevane (og lærararne) er komen godt inn att i rutinene ved skulen. Me har, som seg hør og bør, kosa oss med snøen som me fekk i førre veke. Elevane har både laga snømann i ei samarbeidsoppgåve, dei har måla/farga ute i snøen, og dei har vore i akebakken vår. Mykje flott uteaktivitet med andre ord. 

Fredag hadde me fagdag i matematikk. Då la me vekt på måling i ulike former, og at matematikk finn me i alt me driv på med til vanleg. Dette lærte me i ulike aktivitetar som var tilpassa alder og klassesteg. Vi var aktive i både gymsalen, på data og med spel, og på kjøkkenet. Det verka som at alle hadde hatt ein flott og innhaldsrik dag, med mykje meistringsaktivitetar.

Ps: det vart ikkje mange sjokolademuffinsar att når dagen var slutt.....   :) 

 

Samarbeid 2 2017  Samarbeid 2017  Muffins

 

2017-03-03

Vinterferie

Tida frå juleferie til vinterferie har gått rasande fort. Me lurer litt på kvar alle dagane har vortne av? :) Men det er nok noko i det ein seier; tida flyg i godt selskap!! :) Elevane har i denne tida jobba veldig godt, og alle har, på kvar sin måte, vore med på å bidrege til gode skuledagar. Vinterferien er vel fortent! 

Som de ser på bileta, er det nokså tuske her på skulen uten elevane våre. Me gler oss allereie til at alle kjem att i veke 9. 

Tomt klasserom  Tomt klasserom 2

2017-02-17

Solfest 2017

Sola kom trufast att til oss no i februar. Ho var sårt sakna og særleg velkomen. Som seg hør og bør, ville vi feire at solstrålane atter ein gong skin på vakre Solvorn og alle dei kjekke folka som er her. Me (7.klasse) baka freistande solbollar, vi fyrde i bålpanna og vi fekk både pølser og appelsiner. Tordis kom også på besøk til oss, og ho hadde med ei søt og god overrasking som dei fleste sette pris på :) Men til tross for glade ungar og vaksne, viste vinteren oss at han ikkje er over riktig endå. Han blåste eit ukjent antall kuldegrader over oss, og vi avslutta difor solfesten innomhus i år. Men triveleg var det iallefall uansett, og vi gler oss over at vi går mot lysare og varmare tider. :) 

Solfest 2017 Solfest bollar 2017 Solfest appelsiner 2017_585x439.jpg 

2017-06-01

Vinter og snø.

Det er ikkje alltid det er mengda med snø som er avgjerande.....  :) unnamed.jpg

2016-11-11

Kulturkveld - ein hyllest til Erik Bye

Då nærmar det seg kulturkveld, måndag kl. 18,  er elevane i 1. - 4.trinn velkomne til å synge i kor med 1. - 4. trinn på Hafslo. Dette vert kjekt.

Gratis inngang! Sal av kaffe/te, kaker og rundstykker. Loddsal. Elevane som er med får saft og kake:)

2016-10-21

Kulturkveld 24.oktober på Hafslo

Då nærmar det seg kulturkveld - med ein hyllest til Erik Bye som hadde vore 90 år i år. Hafslo Songlag arrangerer og 2. - 4.trinn skal synge 2 songar. Arrangementet starter kl. 18 (pause ca. 19 - kor elevane får saft og kake/runstykke. Det vert seld kaffe/te, saft, kaker og rundstykker - det vert òg loddsal.

Gratis inngang! Velkommen:)

2016-10-21

Vekeplan v.34

Vekeplan for veke 34 vert lagt ut på søndag :) 

God helg til alle!! 

2016-08-19

Skulestart 2016/2017

Måndag 15. august kl.8.30, byrjar skulen att. Eg ynskjer velkommen til nytt skuleår til elevar og føresette!

2016-08-14
Fargelæra

Fargelæra på 1.-4. trinn

Me har jobba med fargesirkelen. Varme og kalde fargar.

2016-01-25
Powered by CustomPublish AS