A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Skuleutflukt til Heibergske samlingar på Kaupanger

Onsdag 31 mai, reiste maxiane og 1.- 7.klasse i lag til museet på Kaupanger. Der fekk vi omvisning av dyktige og kunnskapsrike ansatte ved museet, der temaet var "Eventyr". Vi fekk sjå (og klappe) både hest, sau og ku. Vi fekk også oppleve eventyrforteljing og hoppe i høyet. Dette var kjekt, og me ynskjer å komme att på besøk ein anna gong også. :)

Fin gjeng med godt humør_166x221.jpg Gamalsort ku_102x136.jpg Gamalsort sau_113x98.jpg Gamalt tun_166x221.jpg Hoppa i høyet_128x96.jpg

 

2017-06-08

Galleribesøk

Fredag 19.mai, var heile mellomtrinnet på besøk til Galleri Walaker. Då fekk me flott presentasjon om forskjellige stilartar innan både kunst og arkitektur. Spennande å sjå og oppleve. Elevane fekk også velge seg ut "sitt" kunstverk, som me skal jobbe vidare med på skulen. Dette var ei flott oppleving for alle, og me syns det er stas å ha eit so flott galleri i nærområdet vårt. Me seier takk for invitasjonen!  :) 

  Galleri Walaker Galleri Walaker 

2017-05-24

Aktivitetsplan våren 2017

Det er mykje som skjer på skulen vår framover. Her er ei liste over viktige dagar og hendingar fram mot sommarferien. :) 

Aktivitetar ved Solvorn oppvekstsenter sommar -17.pdf 

2017-05-15

Pop art.

I kunst og handverk har vi i det siste jobba med pop art. Elevane fekk utdelt kvar sin liten del av eit stort bilde, som dei skulle forstørre og overføre til eit større ark. Når alle var ferdige, sette vi saman alle delane, og vi må innrømme at resultatet vart rimeleg bra. :) 

Pop art

2017-05-08

Uteleik = sunne ungar på heile oppvekstsenteret:)

Den første vårmånaden er godt i gong, og vèret viser seg frå mange sider desse dagane. Då er det godt at ungane på heile oppvekstsenteret har gode utekle som toler leik og uteaktivitetar. Dette gir glade og sunne ungar. :) Det er mykje god læring i leik!!  :) Uteleik i regnvèr 1 2017  

Uteleik

2017-06-01

Endeleg snø :)

Første veka etter vinterferien er vel overstått, og det verkar som at alle elevane (og lærararne) er komen godt inn att i rutinene ved skulen. Me har, som seg hør og bør, kosa oss med snøen som me fekk i førre veke. Elevane har både laga snømann i ei samarbeidsoppgåve, dei har måla/farga ute i snøen, og dei har vore i akebakken vår. Mykje flott uteaktivitet med andre ord. 

Fredag hadde me fagdag i matematikk. Då la me vekt på måling i ulike former, og at matematikk finn me i alt me driv på med til vanleg. Dette lærte me i ulike aktivitetar som var tilpassa alder og klassesteg. Vi var aktive i både gymsalen, på data og med spel, og på kjøkkenet. Det verka som at alle hadde hatt ein flott og innhaldsrik dag, med mykje meistringsaktivitetar.

Ps: det vart ikkje mange sjokolademuffinsar att når dagen var slutt.....   :) 

 

Samarbeid 2 2017  Samarbeid 2017  Muffins

 

2017-03-03

Vinterferie

Tida frå juleferie til vinterferie har gått rasande fort. Me lurer litt på kvar alle dagane har vortne av? :) Men det er nok noko i det ein seier; tida flyg i godt selskap!! :) Elevane har i denne tida jobba veldig godt, og alle har, på kvar sin måte, vore med på å bidrege til gode skuledagar. Vinterferien er vel fortent! 

Som de ser på bileta, er det nokså tuske her på skulen uten elevane våre. Me gler oss allereie til at alle kjem att i veke 9. 

Tomt klasserom  Tomt klasserom 2

2017-02-17

Solfest 2017

Sola kom trufast att til oss no i februar. Ho var sårt sakna og særleg velkomen. Som seg hør og bør, ville vi feire at solstrålane atter ein gong skin på vakre Solvorn og alle dei kjekke folka som er her. Me (7.klasse) baka freistande solbollar, vi fyrde i bålpanna og vi fekk både pølser og appelsiner. Tordis kom også på besøk til oss, og ho hadde med ei søt og god overrasking som dei fleste sette pris på :) Men til tross for glade ungar og vaksne, viste vinteren oss at han ikkje er over riktig endå. Han blåste eit ukjent antall kuldegrader over oss, og vi avslutta difor solfesten innomhus i år. Men triveleg var det iallefall uansett, og vi gler oss over at vi går mot lysare og varmare tider. :) 

Solfest 2017 Solfest bollar 2017 Solfest appelsiner 2017_585x439.jpg 

2017-06-01

Animasjonsfilm

Tysdag 28 januar fekk me besøk av to engasjerte og dyktige kunstnarar frå DKS (Den kulturelle skulesekken). Dei synte elevane på mellomtrinnet korleis dei kunne lage eigne animasjonsfilmar, ved hjelp av diverse utstyr og leiker. Elvane verka å ha det kjempekjekt!! :) Vi prøver å få det til slik at både foreldre/føresette og elevar får sjå filmane i lag her på skulen etter vinterferien. Då skal vi ha ein sosialkveld, der vi kosar oss med brettspel og noko godt å ete på. 

  ANIMASJON

 

2017-06-01
Powered by CustomPublish AS