A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

Godt nytt år!

Då var julefeiringa vel blåst, og skulekvardagen er komen godt i gang att. Me håpar på mange gode og innhaldsrike stunder i året som kjem. Tusen takk til alle foreldre og føresette for samarbeidet i 2016 - eg ser fram til resten av skuleåret med so kjekke foreldre/føresette og elevar!! Eg vil også sei takk for hyggeleg (og morosam) gåve frå dykk på julefesten. Under er mitt "bidrag" til peparkakehus-konkurransen :) -men eg må innrømme at eg fekk ein god del bistand i byggeprosessen....  

Peparkakehus_606x341_406x228.jpg    Peparkake_736x414_436x245.jpg

 

2017-01-05

Vinter og snø.

Det er ikkje alltid det er mengda med snø som er avgjerande.....  :) unnamed.jpg

2016-11-11

Elevkveld

Onsdag i veke 40 hadde mellomtrinnet elevkveld på skulen. Då laga me god "piffigryte" og kosa oss glugg i hjel. :) Kjempekoseleg å treffast slik på kvelden, spesielt sia det var mørkt og SKUMMELT i gymsalen so seint på kvelden..... :D

  Elevkveld oktober 2016.jpg  Selfies.jpg  

2016-10-07

Landart - kunst i naturen

Heile mellomsteget har vore ute og laga små, men flotte, kunstverk i området rundt skulen. Det er jammen ein kreativ og oppfinnsam gjeng me er i år! :) 

Kunst 1.jpg  Kunst 2.jpg Kunst 3.jpg

2016-08-19

Velkommen til nytt skuleår!!

Måndag 15. august ynskjer me alle gamle og nye elevar velkomne til eit nytt skuleår. Me gler oss til nye, spennande og lærerike dagar dette skuleåret.

2016-08-12

Tur til Øvrabøstølen og Setålen

Torsdag 10.september var 5.-7.klasse på tur til Øvrabøstølen og Setålen. Me gjekk opp Gamlegalden via Galden til Øvrabøstølen, og fylgde derifrå stien ut til Setålen. Derifrå gjekk me nedatt i skogsvegen til "Øvstesvingen" og fylgde hovudvegen attende til skulen.

På stølane såg me på stølshusa som enno står, og snakka om korleis stølane vart drivne før i tida, og kva for gardar som hadde stølsdrift på dei ulike stølane.

Me var veldig heldige med vêret, og hadde ein fin tur!

(Klikk på overskrifta for å sjå bileta)

2016-01-18

Uteskule 15. og 16.juni

15. og 16.juni hadde mellomsteget i Solvorn, på Hafslo og Veitastrond uteskule i Solvorn.

2015-06-17
SDC11306_800x600

Hafslovatnet fuglefredingsområde

Barnas naturoppsyn 30.4.

2015-05-12
Powered by CustomPublish AS