A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Ut på tur

Måndag 24.november var det 5.klasse sin tur til å vera med barnehagen på tur. Me fekk ein startspurt frå Fjordstova, og nådde dei att ved hyttene på kaien.

Ein stopp for å sjå på endene på Eidsvatnet
Ein stopp for å sjå på endene på Eidsvatnet
En lille and...
En lille and...
Full fart ned bakken
Full fart ned bakken
Klare til å gå att
Klare til å gå att
Like før stopp etter spurten
Like før stopp etter spurten
Lunsj i barnehagen
Lunsj i barnehagen
Mykje godt og freistande!
Mykje godt og freistande!
Opp bakken
Opp bakken
Opp bakken
Opp bakken
Store hjelper små!
Store hjelper små!

Om starten vart litt brå, så fekk me ein pust i bakken før turen gjekk vidare oppover mot Eide. Der fekk me sjå skulen og barnehagen frå ein annan kant enn vanleg, og det var litt rart. På toppen hadde me ein pause der 5.klassingane lærte barnehageborna ei regle med bevegelsar til, som heiter "En lille and.." Det er ei artitg, kort og grei regle som alle, både store og små kunne vere med på. Etter pausen var me klare for neste etappe som gjekk fram til toppen av bakken på Eide. Derifrå kunne dei som ville spurte ned bakken, etter klar avtale om kvar me skulle stoppe. I enden av bakken kjente me at pulsen hadde gått opp!

Ei lita sløyfe innom Sagøy før me hadde lunsj i barnehagen. Å, så godt det smakte med mat og kakao!! Me åt både lenge og vel - og mykje meir enn me til vanleg et når me et nistepakka vår... Store hjelpte små med å finna og smørja skivene, og det var koseleg prat ved bordet.

Tusen takk for at me fekk vera med på denne supre økta!

 

....og i morgon, tysdag 2.desember er det 6.klasse sin tur til å gå på tur!

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS