A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

6. kl

I dag hadde me besøk av Torill frå biblioteket.

Her kjem ei lenkje du kan bruke for å logge deg inn på min side på Luster bibliotek

Torill lærte oss mykje nyttig som me kan bruke "min side" til på biblioteket. Her er adressa de brukar for å komme inn på sida:

 

https://luster-fb.mikromarc.no/mikromarc3/search.aspx?ST=Normal&Unit=6465&db=luster-fb

2018-08-21
To som kosar seg i lesekroken

Fadderlesing er i gang

Innkøyringsperioden er over, og me er i gang med den tradisjonelle fadderordninga der storskulen les for 5 åringane i barnehagen og 1. og 2.klassingane.

2016-10-19
Kokt laks med poteter, agurksalat, gulrøtter og rømme.

Fiskesprell

I dag var det fisk på menyen i mat og helse. 

2016-10-18
5., 6, og 7.klasse pr 7.oktober 2016

Endeleg!

Endeleg haustferie? Nei, det var ikkje det, i alle fall ikkje berre det - men endeleg ein dag me hugsa å ta bilete når alle elevane i storskulen var på plass! 

2016-10-18
Ved bordet

Fyrste leksjon i mat og helse

Frukostblanding med bær og smoothie

Etter fyrste time på kjøkkenet der elevane gjorde seg kjende i skuffer og skap, fekk dei i veke 35 lage sitt fyrste måltid. På menyen sto det frukostblanding med smoothie. Frukostblandinga vart laga i to variantar då det i oppskrifta sto det skulle vere nøtter i. Ikkje alle toler nøtter, og då er det heilt ok å utelate det. Dette er også eit av måla i mat og helse, at elevane kan tilpasse oppskriftene slik at alle kan ete, og også litt etter smak og behag. Smoothien vart også laga i to smaksvariantar, ein med jordbær og ein med bringebær. Nam nam - fornøgde 6.klassingar med sitt fyrste mat og helse måltid!

2016-09-04
Klassereglane til storskulen

Klassereglar

Ny start - og nye klassereglar på døra i klasserommet vårt. 

2016-08-25
Nøkkel funne på parkeringsplass

På miljødagen fann me denne nøkkelen på parkeringsplassen ved vegaskjelet.

Kven eig denne?

Parkeringsplassen ved vegaskjelet blir brukt for dei som går tur til Rebni og Rebnisli. Kan du ha mista nøkkelen din, eller kjenner du nokon som saknar ein nøkkel, så gje tips vidare om at den kan hentast på Skjolden oppvekstsenter.

2016-05-23
Ver så god - vinterlunsj!

Mykje god matlaging for 6.klassingane

Alt tel- perioden er over, og 6.klasse har laga mykje god mat. Både fisk og kjøt, tradisjonell norsk mat og mat frå andre land har stått på menyen.

2016-04-24
Lakseomelett

Et fisk og bli frisk!

I den fyrste mat og helse-timen på nyåret laga 6.klassingane lakseomelett, og rydda i på gruppeplassane sine.

2016-01-17
Powered by CustomPublish AS