A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

Veke 38 Kommuneval, friidrettsdag og utearbeid

Vekene går veldig fort her på skulen! Det er ikkje så rart, for me har mykje å gjere.

Måndag var det kommuneval, og det måtte me sjølvsagt delta litt i. Me var nede på Fjordstova og såg korleis det gjekk føre seg. Elles har me hatt val på skulen òg, så no er representantane til elevrådet klart.

Tysdag var me på Moane, Hafslo på friidrettsdag. Der var det full aktivitet heile dagen, med 60 m, kule, høgde, lengde og stillelengde. Etter lunsj fekk elevane velgje om dei ville gå 3 km eller springe 800m. Kjempekjekk utedag i flott vêr!

Fredag starta me opp opppussingsprosjektet vårt på utemøblane. Elevane skal måle uteborda. Dei har planlagt korleis dei vil at borda skal sjå ut. Fredag byrja forarbeidet til måling, og neste veke skal dei målast. Det blir kjempespennande å sjå det ferdige resultatet, me gledar oss!Val 1_640x427.jpgVal 2_640x427.jpg7.kl gutar 800m_640x360[2].jpgHeile gruppa_640x360.jpgPer si gruppe_640x427.jpgPia si gruppe_640x427.jpgEmil si gruppe_640x427.jpg

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS