A A A Svart på hvitt - normalt Hvitt på svart

1. Elevrådsmøte 23.aug REFERAT

REFERAT

ELEVRÅDSMØTE

TID: Torsdag 23.august kl 10

STAD: Lærarane sitt arbeidsrom

TIL STADES: Elevrådsrepresentantane frå kvar klasse: Jostein, Sondre, Jone, Vebjørn, Kristi, Sølvi, Gunnar og Mette (rektor)

SKRIVAR: Mette (rektor)

 

Sakliste på møtet:

1.     Kva er elevrådet? Kva skal elevrådet gjere?

Dette meiner elevrådet:

·        Elevrådet er ei gruppe med ein elev frå kvar klasse. Dei skal gi råd frå elevane til rektor og lærarane, og gi råd til elevane frå ting dei har diskutert på møte.

·        Det er viktig å diskutere ting i klassa før elevrådsmøta, så medlemma i elevrådet ikkje berre seier det dei meiner sjølv, men talar på vegne av klassa si. Me prata me litt om kva dette tyder.

·        Elevrådet skal diskutere og seie si meining om:

                   I.      AKTIVITETAR gjennom skuleåret, som karneval, skidag (Heggmyrane) og turar.

                II.      REGLAR, særleg viss det er nokre reglar elevane, foreldra eller lærarane vil forandre på. Her kjem òg inn korleis me vil vere mot kvarandre.

              III.      ENDRINGAR – elevane sine forslag til forbetringar (ting som kjem opp i klasseråd og liknande).

 

2.     Kva er læringsmiljø? Kva er Olweus? Kva for aktivitetar har me gjennom året som har med dette å gjere?

Dette er alt det me gjer for at alle skal ha det bra medan dei er på skulen, til dømes fellesfriminutt, Olweusreglane, klasserådstimen tysdagar, fellesturar og andre fellesopplegg. Dei vaksne på skulen har PLIKT til å gjere noko viss nokon ikkje har det bra på skulen.

3.     Kva meiner elevrådet er "krenkjande åtferd"?

Det var stor usikkerheit omkring kva ”krenkjande” tyder, og det skal alle klassene prate meir om i Olweustimane, her er det ikkje noko fasitsvar. Men det var einigheit om at det var noko negativt. Me hadde ei kort idémyldring der alle kom med eksempel på åtferd (= oppførsel) som kan gjere at andre vert redde eller lei seg. Desse tinga må me passe særleg på å ikkje gjere mot andre når me er på skulen (eksempla står i den rekkjefølgja dei vart nemnd):

·         Mobbe

·         Baksnakke

·         Banne

·         Vere slemme

·         Slå

·         Spytte

·         Stenge ute

·         Stenge inne

·         Sparke

·         Ta eller øydeleggje andre sine ting

·         Lyge

·         Spreie rykte

·         Kviskre (fordi det kan vere å stenge nokon ute)

·         Lugge

·         Erte og terge (viss den du gjer det mot ikkje likar det)

·         Ikkje stoppe (når nokon seier ”stopp”)

·         Å kjefte på at andre for at dei ikkje gjer som dei skal

 

Me vil jobbe vidare i klassene og elevrådet med ”Kva me kan gjere for å unngå krenkjande åtferd på skulen”.

 

Alle representantane var oppmerksame og aktive, rakk opp handa og venta på tur. Det var god stemning og stort engasjement, takk for godt møte!

 

METTE REKTOR

Neste elevrådsmøte vert: 25.oktober kl 9.45 (kan endrast, men me prøver dette)

Tips ein ven  Skriv ut
Powered by CustomPublish AS